Tarjei Lundarvollen har vore interessert i teknologi og luftfart heile livet.

Tarjei ser optimistisk på å styre spakane igjen

Etter mange år som pilot måtte Tarjei Lundarvollen (46) frå Øyfjell brått legge frå seg uniforma. Ein pipelyd i cockpiten under ein flytur hausten 2018 øydela høyrselen – og karrieren. No, sju år seinare, er han på veg tilbake bak spakane.

Publisert

– Som du ser, så går eg med høyreapparat. Eg fekk ein høyrselsskade på jobb, som var grunnen til at eg måtte slutte som pilot i Norwegian, fortel Tarjei. 

Det skjedde under ein flytur i 2018. Ein teknisk feil førte til ein kraftig pipelyd både i hovudsettet og i høgtalarane i cockpiten. 

– Eg vippa headsettet av meg, men då peip det i høgtalaren òg. Eg måtte rett og slett ut av cockpiten, for eg klara ikkje å tenke. 

– Så stod eg plutseleg framfor 190 passasjerar, som sikkert lurte veldig på kva eg gjorde der, seier han og ler. 

Han fekk på seg høyrselsvern, og gjekk inn i cockpiten igjen.

Lyden gav seg fyrst då flyet hadde landa og straumen var slått av. Men skaden var allereie skjedd. Han merka med ein gong at høyrselen hadde fått seg ein smell. I støyande miljø fekk han ikkje med seg kva folk sa.

– Men eg sa ingenting, seier han.

Siste gongen han sat i cockpit var 18. november 2018. Der og då visste han ikkje at det var siste turen. Under den årlege rutinekontrollen oppdaga flylegen høyrselstapet. Luftfartstilsynet trekte sertifikatet.

– Det var eit slag i trynet. Ein av dei tyngste dagane i livet mitt var den dagen eg fekk brevet frå Luftfartstilsynet om at sertifikatet var inndrege, seier han prega, og fortel at tida etterpå har vore som ein berg-og-dal-bane.

Nytt håp med ny teknologi

Tarjei hadde lenge håp om at høyrselsproblemet var løysbart, men vart gitt opp i 2021. Då hadde han testa alle høyreapparat som var på marknaden, men høyrselen var ikkje god nok for å bestå kravet for å kunne fly igjen. 

Men rett før jul i fjor tok audiograf Connie Larsen ved Sjukehuset i Telemark kontakt. Ho hadde fått inn eit nytt høyreapparat som ho trudde kunne fungere godt. I mai bestod han høyrselstesten med høyreapparat, og kom eit stort skritt nærmare retur til pilotyrket.

Dermed kunne han søkje om ny legeattest. 

– Då vart eg behandla som ein 18 år gamal flyelev igjen, og måtte bestå tredemølletest og alt. Men med hjelp frå Espen Arnesen, som er fysioterapeut i Vinje, kom eg i form, og i mai bestod eg testen. 

Han rettar ein stor takk til helsevesenet, både i Vinje og Sjukehuset i Telemark.

– Særleg Connie Larsen har stått på for meg. Utan henne hadde ikkje dette gått. Ho har stått veldig på for at eg skal kunne koma inn igjen innan tidsfristen, som er i slutten av mai neste år.

Etter planen skal han tilbake til Norwegian, der han har gjeninnsetjingsrett. 

– Det er heilt topp. Det er det eg har villa heile tida. Eg har aldri hatt lyst til å slutte å fly.

Eit handverk

Når han snakkar om flyging, lyser han opp. Blant dei beste opplevingane i cockpiten, fortel han at det er på turane nordover.

– Det å fly nordover seint ein kveld og nordljoset dansar over heile himmelen, det er heilt fantastisk, smiler han.

Like fantastisk synest han det er å lande i Tromsø i mørketida. Under innflyginga mistar ein sola, og landar midt på dagen, men i kolmørket.

Tromsøya med Tromsø lufthavn Langnes til venstre på øya.

– Og så fascinerer det meg med skikkeleg uvêr – å kjenne at eg har kontroll i krevjande forhold. Det er mykje meir spennande enn å sitje på autopilot tre timar sørover.

Han fortel engasjert om krevjande innflygingar, som den til Alta. 

– Autopiloten hadde ikkje hatt sjanse der. Du må fly, og du må stole på erfaringa. Det er eit handverk, seier han.

Tarjei har også opplevd dramatikk, som då det vart meldt brann om bord rett etter avgang.

– Det er noko av det verste ein kan høyre. Men treninga kickar inn, og me gjorde naudlanding. Alt gjekk bra, og det viste seg å ikkje vere så dramatisk som fyrst antatt. 

Tarjei i cockpiten på Boeing 737- MAX8.

Tarjei fortel at han har sakna jobben, både det å fly, men også kollegaer.

 – Ein lever tett når ein er på jobb i fleire dagar i strekk, så me blir som ein liten familie.

Sidan alle løyva er utgått, må han gjennom ein del skulegang for å få alt på plass igjen. Dessutan må han ha bestått oppflyging før utgangen av mai neste år, elles må han ta heile flysertifikatet på nytt.

– Men eg har tru på at det skal gå bra, seier han.

Livet på bakken

Flyinteressa var sterk alt i barndommen, og Tarjei eksperimenterte tidleg med kamera i modellfly – ein forløpar til det me kjenner som drone i dag.

Etter at han måtte slutte som pilot, starta han firmaet Lundarvollen AS, som driv med det han sjølv kallar «alt ein kan sende faktura på». 

I hovudsak har det handla om droneverksemd, særleg inspeksjonar for Statkraft og filming for TV-produksjonar. Mellom anna filma han for «Gift ved første blikk» på Dalen i fjor.

Tarjei har vore interessert i både luftfart og teknologi heilt sidan barndommen. Kanskje var han den fyrste i landet som hadde kamera i eit modellfly. 

– Det var i 1994, og eg stod ute på tunet med mamma sitt kassefjernsyn på ein palle for å sjå direktebilete frå lufta. Det var ganske revolusjonerande då.

Norge Rundt besøkte Tarjei i Øyfjell og laga eit innslag. Han trur kanskje nokon andre vart inspirert, og vidareutvikla ideen. Det er han ikkje bitter for.

– Eg er mykje betre på det tekniske, og ikkje så god på å få planane ut i den kommersielle marknaden. Så då spelar det ingen rolle. 

Eg følte meg ferdig med prosjektet, på mange måtar. 

Dronar, slik me kjenner dei i dag, kom fyrst ut på 2000-talet. Utviklinga fram til i dag har vore stor.

– Ein drone i dag, i litt høgare prisklasse, er meir avansert enn eit passasjerfly. Han kan fly heilt automatisk frå avgang til landing. Det er det ingen passasjerfly som kan, seier han.

Kva tenker du om vidare utvikling?

– Det er sikkert like vanskeleg å tenke fem år fram i tid no, som det var å tenke 20 år fram i tid på starten av 2000-talet. Utviklinga aksellererar. Så kor me er om 20 år veit eg ikkje, men eg håpar eg lever og får sjå korleis det ser ut. For det blir nok spennande, smiler han.

Tarjei trur at dronar kjem til å overta mykje.

– Det er eg heilt overtydd om. Bruksområda til dronar blir nesten utvida kvar veke, og det blir bruka til alt mogleg.

Kva tenker du om at dei blir bruka til så mykje?

– Eg er ikkje så skeptisk. Alt kan misbrukast viss ein vil, men det punktet har me passera for veldig mange år sidan. Ein må berre stole på at folk har gode hensikter, som dei fleste jo har.

Tarjei er også ein ivrig jeger, og meiner teknologien kan vere eit nyttig hjelpemiddel, men i rette mengder.

– Det kjem snart til å bli lovleg å bruke drone til ettersøk. Brukar ein det rett, kan det vere eit fantastisk verktøy. Men i samarbeid med bikkje, presiserer han.

Tarjei er ein ivrig jeger.

Radioamatør

Ein annan lidenskap han har, er amatørradio. Altså kommunikasjon med andre via radio.

– Igjen så er det nok det tekniske som interesserer meg mest. Det å bygge ting og få ting til fungere. 

Han innrømmer at han brukar meir tid på å få utstyret til å virke enn på sjølve pratinga. Når han fyrst får kontakt, kjenner han at jobben eigentleg er gjort. Då er det berre å kaste seg over neste prosjekt, fortel han med eit smil.

Tarjei har hatt kontakt med folk over heile kloden. Han har til og med prata med radioamatørar på New Zealand, med relativt enkelt utstyr og ei antenne på taket.

– Det er det som er med radio – du må ha kunnskapen og moglegheita til å bruke frekvensane. 

Han fortel ein uvitande bladfyk korleis desse frekvensane fungerer. Det handlar om å finne dei rette bylgjene som gjer at signalet når fram dit du ynskjer, forklarar han.

– Skal du ha kontakt med ein spesiell plass, må du faktisk studere kart og sjå på vêr og vind mellom her og dit. Skal du nå New Zealand, er det ein del kart som skal sjekkast, seier han, og legg til at ein av og til berre har flaks.

Men å vera radioamatør er ikkje noko du berre kan starte med. Ein må gå kurs og stille seg til disposisjon for samfunnet dersom ein katastrofe rammar. Då stiller dei med både kompetanse og utstyr. Som takk får ein til gjengjeld løyve til å operere på mange frekvensar.

Når han blir spurd korleis interessa starta, seier han at også denne interessa har vore med han sidan barndommen. Då han var liten, fekk han låne walkietalkie av onkelen sin. Tarjei fekk faktisk kontakt med Russland.

– Det var heilt tilfeldig. Eg trefte akkurat det tidspunktet på kvelden, kanskje den eine dagen i året, kanskje i ein tiårsperiode, då det var opning på det smale frekvensbåndet som privatradioen gjekk på. Det vekte interessa noko veldig. 

Frå hobby til beredskap

Den tekniske interessa skulle også vise seg å vere nyttig for andre. Då naudnettet i Åmot fall ut etter stormen i 2021, vart kunnskapen hans verdifull.

– Me sette opp ein midlertidig sendar på Rottjønn i Kostveit og fekk samband for ambulansetenesta. Det var artig å kunne bidra med noko samfunnsnyttig med alt utstyret ein har, fortel han.

Tarjei meiner at det alltid finst noko å gjera, om ein berre vil. Etter at han slutta å fly, har han faktisk hatt endå meir å drive på med. Då måtte han ta igjen alt han ikkje rakk før. 

– Eg er ikkje typen som klarar å sitje stille. Det er alltid noko som burde vore gjort, og det er aldri mangel på prosjekt. Eg slit ikkje med å fylle dagane, det er heller det å få nok dagar å bruke.

Er det nokon hobbyar som må vike når du skal ut å fly igjen?

– Det håpar eg ikkje, avsluttar han med eit smil. 

Powered by Labrador CMS