Talet på skademeldingar i trafikken har auka med over 6.000 i sommar

Talet på forsikringssaker i trafikken har auka med 6 prosent i sommar samanlikna med fjoråret, viser ferske tal frå Gjensidige.

Tala gjeld for perioden 15. juni til 14. august og dekkjer altså tida med mest ferietrafikk.

Ifølgje ei undersøking frå Gjensidige har norske forsikringsselskap fått inn minst 6.000 fleire skademeldingar i perioden samanlikna med fjoråret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er ikkje overraska over auken og hadde nok eigentleg venta endå større tal, med tanke på at nordmenn flest har feriert i eige heimland i sommar, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

Dei fleste skademeldingane gjeld hovudsakleg materielle skadar.

(©NPK)