Imot, for og imot: Tore Metveit (Ap) sa nei til deling og Aud Syvertsen Lukassen (Ap) gjekk for ja. Elin Ringhus (Sp) argumenterte med at frådeling vil svekke ressursgrunnlaget på Liarheim.
Geir Ufs
Syskena vil ha kvar sin del av slektsgarden, men politikarane sa igjen nei
Etter at dei to syskena fekk nei til å dele frå den store driftseininga Liarheim til to eigedomar, søkte dei om å dele frå hytte og 20 dekar i Heddersviki i Kviteseid. Det såg ut til å bli ja i planutvalet i Fyresdal om leiaren brukte dobbelrøysta si – men så starta ein lang debatt.
Mikkel Vegar Veum-Søhoel sende på vegner av seg sjølv og systera Gunhild Andrea Veum søknad til Kviteseid med kopi til Fyresdal om å få dele frå bygningane med om lag 20 dekar tomt på Heddersviki (gbnr.1/9) i Kviteseid. Denne eigedomen er ein del av driftseininga Liarheim (gbnr. 41/4), og det er i Fyresdal at driftssenteret for eigedomane er.
«Slik sett er det Fyresdal kommune som må handsame søknaden. Mikkel Veum-Søhoel har bekrefta at det er ok at Fyresdal kommune tek denne saka vidare. Føremålet for frådelinga er at Veum-Søhoel skal nytte Heddersviki som ein fritidseigedom, og at skogen vert lagt til Liarheim som systera Gunhild Andrea Veum skal overta», skriv sakshandsamar og landbruksrådgjevar Elin Skålid i Fyresdal kommune til plan- og miljøutvalet.
Driftsmessige ulemper
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP