Helst 50/50: Jon Rikard Kleven meiner det er synd det ikkje var foreslått eit styre med lik fordeling av menn og kvinner.

Reagerte på at det ikkje var lik fordeling mellom kvinner og menn i Haukelivegen-styret

På torsdagens generalforsamling i E134 Haukelivegen AS vart kjønnssamansetjinga i det føreslåtte styret ein av diskusjonane.

Les også
Roald Aga Haug vart attvald som styreleiar

Aksjelova seier at begge kjønn skal vere representert med minst 40 prosent i eit styre. Forslaget til nytt styre i E134 Haukelivegen AS er innanfor lova, sidan det er fire kvinner og seks menn. Likevel var det fleire som reagerte på at det ikkje var ei lik fordeling mellom kvinner og menn i styret som var på val.

– Eg synest det er synd at det ikkje er femti/femti, uttalte Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven, frå talarstolen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fekk støtte frå mellom anna Nome-ordførar Bjørg Tveito Lundefaret.

Frå fire til fem i valkomiteen

Generalforsamlinga valde også ny styreleiar, og valkomiteen leverte då ein todelt innstilling. Dette fekk reaksjonar, og fleire var kritiske og meinte det var synd at ingen frå valkomiteen var til stades under generalforsamlinga, slik at dei kunne få meir informasjon. Styreleiar, Roald Aga Haug, forklarte at leiar i valkomiteen skulle kome, men hadde meldt avbod kvelden før.

Ordførar i Hjartdal, Bengt Halvard Odden, foreslo ordførar i Notodden, Gry Fuglestveit, som nytt medlem i valkomiteen, og som leiar av komiteen.

Etter fleire innspel og ei lita pause, valte Odden å trekke punktet der Fuglestveit skal gå inn som leiar i valkomiteen.

Forslaget om å utvide valkomiteen frå fire til fem medlem fekk fleirtal. Den nye valkomiteen er då Petter Steen jr. (Haugesund/Rogaland), Kari Anne Sand (Kongsberg/Viken), Anne Aasmundtveit (Kviteseid/Vestfold og Telemark), Torgeir Næss (Kvam/Vestland) og Gry Fuglestveit (Notodden/Vestfold og Telemark).

Styret i E134 Haukelivegen AS

Arne Bergsvåg. Fylkesvaraordførar Rogaland

Trine Meling Stokland. Varaordførar Haugesund

Arve Helle. Medlem FU/hovudutval Vestland

Roald Aga Haug. Ordførar Ullensvang

Ruth Grethe Østebøvik Eriksen. Varaordførar Sveio

Edvard Mæland. Samferdselsutvalet Vestfold og Telemark

Bengt Halvard Odden. Ordførar Hjartdal

Jon Rikard Kleven. Ordførar Vinje

Hilde Thorud. Næringslivet Vestland

Lene Conradi. Ordførar Asker