Vil vere anonyme: VTB har snakka med to som ikkje ynskjer å stå fram med namn og bilete i avisa. Mannen med ryggen til har ikkje blitt lura, men stilte opp på eit illustrasjonsbilete. Her får han gode råd av Ellen Sofie Skansen i Sparebanken Sør.

Ho kjente på seg at noko var gale. Så ringde ho banken ...

Kriminelle som er ute etter å svindle deg på nettet kan gje seg ut for å vere nokon du stolar på. Banken meiner det viktigaste er at ein aldri, ikkje til nokon, skal gje frå seg kode og passord til BankID.

– Folk ranar ikkje banken lenger. Svindlarane har funne seg nye metodar, seier Ellen Sofie Skansen i Sparebanken Sør.

Nå ser dei meir svindel over nett. Og det er både eldre og yngre som blir utsett for nettsvindel. Me har snakka med to som blei lurt. Dei ynskjer ikkje å stå fram med namn og bilete, men fortel historia si anonymt til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gav seg ut for å vere frå banken

– Eg var litt stressa denne dagen. Eg skulle på jobb, då det kom ei melding der det stod at Statens innkrevjingssentral hadde sendt meg eit brev på Digipost.

Det fortel ei kvinne frå Vest-Telemark til VTB.

Ho fekk beskjed om å logge seg inn for å opne det.

– Eg trudde det hadde samanheng med noko eg hadde kjøpt, og trykka på lenka for å opne denne.

Litt etter ringde telefonen. Ein mann gav seg ut for å vere frå tryggleiksavdelinga i Sparebanken Sør. Han var roleg og høfleg, og fortalde at dei såg at nokon prøvde å svindle henne. Han måtte derfor heve tryggleiksnivået på kontoane.

– Eg stussa på at han ringde frå skjult nummer, men han forklarte det ut frå abonnementet mitt, at det ikkje var synleg, når eg hadde det telefonabonnementet eg hadde.

Så fekk ho ei melding frå det som skulle vere Sparebanken Sør. Der var det ein aktiveringskode.

– Mannen sa at dersom han skulle kunne hjelpe meg måtte han ha denne koden. Eg hadde ikkje lyst til å gje den ut, men han forklarte igjen at han måtte ha den dersom han skulle kunne hjelpe meg. Og eg let meg manipulere, fortel kvinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med denne koden kunne han opprette ein ny mobilbank.

Fekk stoppa det i tide

Ho kjente på seg at noko var gale og la på. Så ringde ho rett til banken, og bad dei om å sperre alle kontoar.

Svindlarane rakk å overføre 400 000 frå ein sparekonto til ein brukskonto. Heldigvis vart kontoane sperra før dei fekk tatt ut noko, men det var nære på.

– Hadde eg ringt fem minutt seinare hadde dei truleg rokke å overføre 400 000, seier ho.

Episoden har gjort henne skeptisk.

– Eg tør nesten ikkje opne noko lenger. Og eg kjem ikkje til å gå inn på slike lenkar igjen.

Trudde ikkje eg var lettlurt

– Eg trudde ikkje eg var så lett å lure, seier ein annan vesttele.

Vedkomande hadde fått ei melding på Messenger frå ein bekjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vedkomande ikkje visste var at Facebook-kontoen til den bekjente var hacka, og at dette då var kommunikasjon med svindlarar. Det var snakk om å vere med i ein konkurranse. Og svindlarane fekk vedkomande til å oppgje kontonummer og BankID.

– Eg visste jo at eg ikkje burde gje frå meg kodar og passord, men likevel let eg meg lure her. Eg tenkte aldri på at det var nokon andre eg skreiv med.

Rett etter at BankID var oppgitt fekk vedkomande ei melding om gevinst.

– Då gjekk det opp for meg at eg hadde blitt lura. Eg gjekk rett inn på nettbanken og såg at eg hadde blitt trekt 13 800 kroner. Då ringde eg banken, som sperra alle kontoane mine. Dei bad meg om å melde det til politiet. Eg gjorde det, men fekk seinare beskjed om at saka var lagt bort. Eg undersøkte med forsikringa om det var noko eg kunne få igjen der, men nei. Banken oppmoda meg til å sende dette som ei reklamasjonssak. Dei jobbar med den nå.

Men vesttelen fryktar at pengane er tapt. Det svir.

– Eg føler meg skikkeleg dum, og skammar meg fælt, seier vedkomande, som derfor ikkje vil stå fram med namn og bilete i avisa.

Del aldri kode og passord til BankID

– Dette er proffe kriminelle, seier Ellen Sofie Skansen i Sparebanken Sør.

I seinare tid har dei høyrt fleire historier der svindlarar ringer og utgjer seg for å vere frå banken eller frå politiet. Dei er gjerne gode på å skape tillit, og kan late som om dei kjenner deg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei kan også gje seg ut for å vere frå inkassobyrå eller frå ein innkrevjingssentral. Då ligg det gjerne ved ei lenke der det står trykk her og sjå kva du skuldar. Så blir ein gjerne beden om å oppgje kode og passord.

– Det viktigaste er at ein aldri, ikkje til nokon, skal oppgje kode eller passordet til bankID. Det er ingen som skal ringe deg og be om det, verken frå banken eller frå politiet, seier Skansen.

Dersom ein har blitt utsett for svindel må ein ringe kundesenteret i banken.

– Og tid er essensielt her, seier Skansen.

Dess fortare ein får gitt beskjed og sperra kontoane, dess mindre er sjansen for å bli svindla.

Og dersom ein har oppbevart bankkortet forsvarleg og ikkje gitt ut kode vil det vere lettare å få pengane tilbake.

Sparebanken Sør er opptekne av å spreie kunnskap om nettsvindel. Fredag 3. februar inviterer dei til møte på kommunehuset i Treungen.

– Der kan ein lære om dei vanlegaste svindelmetodane, slik at ein lettare kan kjenne det igjen, fortel Skansen i Sparebanken Sør.

Artikkelen held fram under annonsen.