Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og statsminister Erna Solberg (H) held pressekonferanse måndag. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Svara om vidare gjenopning kjem måndag

Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie vil måndag fortelje om dei neste stega i gjenopninga av Noreg.

Pressekonferansen byrjar klokka 12.30. Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades.

Torsdag varsla Høie ei mogleg utsetjing av trinn fire i gjenopningsplanen som følgje av deltavarianten. Han har fått støtte frå Guldvog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har sagt at det skal gå minst tre veker mellom kvart trinn i gjenopningsplanen. Trinn tre vart sett i verk 20. juni og innebar blant anna oppheving av den nasjonale skjenkjestoppen og at breiddeidretten vart opna opp for vaksne over 20 år.

Trinn fire inneber at ein god del koronarestriksjonar blir letta. Det vil framleis eksistere generelle smitteverntiltak og vere aktuelt med innreiserestriksjonar.

(©NPK)