SVs Kari Elisabeth Kaski meiner Ap og Sp bommar med forslaget til korleis ein skal løyse problema med høge straumprisar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

SV ut mot straumprisgrepet til regjeringa: Lite målretta

SVs Kari Elisabeth Kaski meiner den foreslåtte reduksjonen i elavgifta bommar og seier det er dei som har mest pengar og brukar mest straum, som får hjelp.

I tilleggsproposisjonen til regjeringa, som blir presentert klokka 12 i dag, blir det lagd opp til ein reduksjon i elavgifta på 2,9 milliardar kroner.

Kaski meiner «vanlige folk» ikkje får særleg mykje hjelp med forslaget. Ho hevdar det er dei som har mykje frå før, som får mest støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er synd at det er så lite målretta. Det er folka som bruker mest straum, dei som har mest pengar, som får mest igjen av staten no. Det er uheldig. Dei som har minst, er kanskje dei som merke auka straumprisar mest, og dei får berre nokre hundrelappar i hjelp frå staten, seier Kaski til Dagbladet.

Ho åtvarar samtidig Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre om at det ikkje er nokon automatikk i at SV støttar forslaga deira.

– Dette er eit budsjettforslag frå Ap og Sp som vi i SV ikkje føler oss bundne av i det heile. SV har betre løysingar enn dette, og det er dei løysingane vi går til forhandlingsbordet med, seier ho.

(©NPK)