Styringsrenta blir sett opp til 3,25 prosent, meldte Noregs Bank torsdag.Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

Styringsrenta på sitt høgaste nivå på 15 år: – Byrjar å svi skikkeleg for folk

Ekspertane rår norske hushald til å stålsetje seg for rentesmell utover året etter at styringsrenta torsdag vart sett opp til 3,25 prosent.

Avgjerda om 0,25 prosents til auke vart teken onsdag og offentleggjort torsdag klokka 10. Rentehevinga er i tråd med signala sentralbanken gav i mars.

– Vurderinga til komiteen er at det er behov for ei høgare rente for å dempe inflasjonen, heiter det i grunngivinga frå Noregs Bank.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje sidan 2008 har styringsrenta vore høgare. Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet var einstemmig i avgjerda si.

– Dersom krona held seg svakare enn lagt til grunn eller presset i økonomien held fram, kan det bli nødvendig med ei høgare rente enn vi tidlegare har sett for oss, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

– Bustadlån på fem prosent

Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 seier norske forbrukarar bør stålsetje seg for vidare aukar i dei månadlege bustadutgiftene.

– Dei fleste vil klare å handtere dette, men eg er spesielt bekymra for dei med store lån i forhold til inntekt, seier han.

Gundersen trur det er ei klar moglegheit for ei bustadlånsrente på fem prosent i år.

– Det er meir enn tre gonger så høg rente som vi hadde under pandemien. Det er klart at dette byrjar å svi skikkeleg for folk, skriv han til NTB.

Lågare forbruk

Sjeføkonom Marius Hov i Handelsbanken seier også at norske hushald vil merke renteauken på kontoen utover året.

– No er det kanskje utsikt til marginalt positiv reallønnsvekst i år. Men det er klart at med vidare renteaukar på toppen, vil det blir stadig litt tyngre for hushalda no. Og mykje av den meirsparinga vi hadde under pandemien, er nok ganske tømt allereie. Så eg trur nok vi fort vil sjå noko fallande forbruk, seier han til E24.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komiteen signaliserer at styringsrenta mest sannsynleg blir sett vidare opp i juni. Spesielt den låge kronekursen aukar sjansane for dette.

– Prisveksten er høg og klart over målet på 2 prosent. Veksten i norsk økonomi har minka, men aktiviteten er framleis høg. Arbeidsmarknaden er stramt, og lønnsveksten ser ut til å bli høgare enn i fjor, heiter det i kunngjeringa frå Noregs Bank.

Marius Hov seier signala frå Noregs Bank tyder på ein topp på 3,5 prosent før sommaren, og mogleg 3,75 prosent til hausten.

– Vi er kanskje litt nærare den utviklinga no i lys av kronesvekkinga, seier han.

Huseierne: – Uheldig

Forbrukarorganisasjonen Huseierne seier det er uheldig at Noregs Bank igjen hevar nivået før ein har sett verknaden av den førre.

– Rentehevinga i slutten av mars har enno ikkje fått verknad på lånerekningane hos hushalda. No i vår har norske hushald opplevd ein sterk kostnadsauke gjennom kraftig auka kommunale avgifter, ein høg straumpris og høge prisar generelt. I ein slik situasjon meiner vi det hadde vore best å vente, seier forbrukar- og kommunikasjonssjef Carsten Henrik Pihl i ei pressemelding.

Bankane har seks vekers varslingsfrist for rentehevingar, og dermed vil auken frå mars først påverke dei med bustadlån no i mai. Magne Gundersen seier noko av smellen kan dempast av eit godt lønnsoppgjer, men at no er tida for å stramme inn.

– Det er all grunn til å gå gjennom eigen økonomi og gjere smertefulle, men nødvendige tiltak no i staden for å vente til situasjonen blir prekær, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bank2, ein spesialbank som gir lån til folk som ikkje får lån i dei tradisjonelle bankane, er også bekymra.

– Ei styringsrente som er meir enn firedobla på under eit år, frå 0,75 prosentpoeng til 3,25 prosentpoeng, gir store omveltingar og omprioriteringar i privatøkonomien. Vi ser stadig fleire førespurnader til oss om avdragsfritak, betalingsfridom og lågare renter, seier gjeldsspesialist Sebastian Mikolajczyk i Bank2.

NHO: – Rett av Noregs Bank

Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO meiner det er bra at Noregs Bank følgjer planen dei har signalisert tidlegare.

Dørum seier norske bedrifter går framtida i møte med pessimisme.

– Tilsetjings- og investeringslysta er svak. Sjølv om hevinga var varsla, kan auka rente leggje ytterlegare dempar på stemninga. Vi meiner likevel at det var rett å heve renta, seier han.