Kundar av straumselskapet Tibber må betale for både september og halve oktober på rekninga som kjem 1. oktober. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/ NPK

Straumselskap krev dobbelt betalt i oktober

To dagar før rekninga kjem, fekk kundane i straumselskapet Tibber vite at dei må betale for halvannan månad. Det kan vere ulovleg, meiner Forbrukarrådet.

I oktober må kundane betale både for september og estimert forbruk for halve oktober.

– Vi er fullstendig klar over at dette kjem brått på kundane våre, men vi har per i dag ingen annan måte å kunne sikre lågast mogleg straumpris på. For å gjere overgangen til ny ordning så fleksibel som mogleg, får kundane no moglegheit til å setje ein fast forfallsdato sjølv, både for oktober og framover, seier konsernsjef Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan vere ulovleg

Seniorrådgivar Thomas Iversen i Forbrukarrådet meiner at grepet frå Tibber kan vere ulovleg.

– Alle selskap skal varsle kundane fjorten dagar på førehand når dei gjer endringar i vilkåra, noko vi ikkje kan sjå er gjort av Tibber her, seier han til NRK.

Iversen rår kundane til å setje forfallsdatoen så langt fram i tid som mogleg.

– Kunden skal ikkje vere «bank» for straumselskapet. Viss selskapet treng sikring, så bør dette løysast på anna vis, og noko styresmaktene eventuelt bør sjå på, seier han.

Alternativet ville vore å auke prisane, seier Aksnes til E24.

Etterlyser garantiordning

Tibber tek opp lån, kjøper inn og betaler for straum og legg ut for kundane i opptil 45 dagar før dei betaler fakturaen sin.

– Fråværet av statsgarantiar for norske straumselskap gjer likevel no at vi ser oss nøydde til å endre faktureringspraksisen vår. Vi har vore i dialog med både energikomiteen på Stortinget, Olje- og energidepartementet og Finansdepartementet, men har til så lenge ikkje fått noka avklaring, seier Aksnes.

Både Finland, Danmark og Sverige har gitt garantiordningar for fleire milliardar kroner til kraftprodusentar. Den norske regjeringa meiner at det ikkje er behov for liknande tiltak i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Inntrykket vårt er at tilgang på likviditet er eit avgrensa problem i Noreg. Innanfor regelverket kan kraftleverandørane bruke både forskot- og etterskotsvis fakturering av straumforbruket. Vi er ikkje kjende med at kraftleverandørar har problem med å finansiere seg i den private kapitalmarknaden, seier statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet til E24.

(©NPK)