– Dette er eit viktig signal i tronge økonomiske tider, meinte Edvard Mæland (H) som har leia gruppa som har sett på godtgjeringsreglementet.
– Dette er eit viktig signal i tronge økonomiske tider, meinte Edvard Mæland (H) som har leia gruppa som har sett på godtgjeringsreglementet.

Strammar inn økonomireglane – senkar makssatsen på tapt arbeidsforteneste

I den neste valperioden får dei folkevalde maksimalt 2630 kroner for ein møtedag. Det er 1420 kroner mindre enn i dag.

Denne perioden har makssatsen for tapt arbeidsforteneste vore inntil 540 kroner timen og 4050 kroner om dagen for folkevalde i Seljord kommune. Dei neste fire åra er maksgrensa inntil 350 kroner timen og 2630 kroner dagen (7,5 time) for dei legitimerte krava.

– Dette er eit område me ynskjer å vise moderasjon, og det er eit viktig signal i tronge økonomiske tider, uttala Edvard Mæland (H) som har leia utvalet som har sett på godtgjeringsreglementet til dei folkevalde i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den folkevalde må kunne dokumentere eit reelt tap i inntekt som fylgje av politisk arbeid.

Den nye ordninga blir rekna ut etter G-satsane (folketrygdas grunnbeløp) og kommunen vil nytte 6G som ein utrekningsfaktor for storleiken på timesatsen.

For ulegitimerte krav blir det inga endring: 264 kroner i timen og maks 1980 kroner dagen.

Framlegget blei vedtatt mot sju røyster i kommunestyret torsdag. Henry Mæland (Sp) frykta reduksjonen vil gjera det vanskelegare å rekruttere politikarar frå det private næringslivet, og føreslo å oppretthalde dagens sats.

– Det skal ikkje vera ein kostnad å vera med i lokaldemokratiet, sa opposisjonsleiaren.

– Det er samfunnsengasjementet som skal motivere til å drive lokalpolitikken. Dei fleste lever godt med ei maksgrense på 6G, kommenterte Edvard Mæland.

Senterpartiet gjentok elles framlegget om at ordførarløna burde vera 80 prosent av det ein stortingsrepresentant tener, men fleirtalet vedtok å setje prosentsatsen til 85. I dag er ordførarløna lik rådmannløna. Denne praksisen var alle i kommunestyret samde i å endre.

– Tida er inne for at også Seljord kommune vel ein prosentsats av stortingsløna, sa Edvard Mæland, som meinte 85 prosent var eit naturleg nivå og noko også samanliknbare kommunar praktiserer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når Kviteseid som er tvillingkommunen vår har den satsen, meiner eg det er rett, uttala varaordførar Jon Svartdal (H).

– 80 prosent er eit høveleg nivå, meinte Henry Mæland (Sp) om framlegget som fekk ni røyster og fall.

oystein.oygarden@vtb.no