Storkosa seg på nytt tilbod i bygda

Ilse Hoomoedt (11) var blant ungdomane som storkosa seg på leirskule i Fyresdal og nyetablert folkeverkstad i lokalet til frivilligsentralen.

Telemark Lys har i mange år hatt ansvaret for integreringsarbeidet i Fyresdal. For ei tid tilbake blei det klart at ein liten kommune som Fyresdal ikkje skulle få fleire flyktningar. Verksemda har sin siste flyktning ute av integreringa hausten 2022.

Moro: Ilse Hoomoedt (11) har teikna ei skilpadde som laserkuttaren like ved skal lage av tremateriale. Ho hadde det moro i folkeverkstaden i Fyresdal.

Nå er det att bare tre tilsette i Telemark Lys. Verksemda har ansvar for å drive bygdas frivilligsentral ut året, og har nå fått på plass eit nytt tilbod i dette lokalet i sentrumsbygget. Det kom 420 000 kroner frå Sparebankstiftinga DNB til å starte det som truleg er den fyrste folkeverkstaden i Vest-Telemark. Tanken med verkstaden er at folk skal kome innom lokalet til frivilligsentralen og bruke det som er framtidas verktøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokale innbyggjarar kan kome til folkeverkstaden og drive med kva dei vil. Rosina i pølsa er at her er det utstyr dei fleste ikkje har heime. Verkstaden kan vere ein fin moglegheit også for bedrifter, og her er veldig godt kurslokale til ulike ting, seier Oddbjørn Svendsen i Telemark Lys.

– Eg er potet i Telemark Lys, og har jobba der i snart tre år, seier han med eit smil.

Brukar tråd: 3D-printarane kan lage mykje rart ved hjelp av tråd.

Gratis tilbod

– Me har invitert flest mogleg i bygda til å kome og sjå på folkeverkstaden, og har bare fått positive tilbakemeldingar, seier Elisabeth Gasmann, dagleg leiar i Telemark Lys.

Både Svendsen og Gasmann oppmodar folk om å bruke folkeverkstaden, eit tilbod som så langt det let seg gjere er gratis, men brukarane betaler for materiell.

– Me ynskjer å ha inkluderande arrangement for alle, legg Gasmann til.

Blant det innkjøpte utstyret er det mellom anna to 3D-skrivarar. Dei skriv ulike objekt i plastikk, og før det kan brukarane teikne objekt inn på pc. Vidare er det ein laserkuttar der ein kan skjere og gravere på tre, plast, tøy, lær og papir.

Mykje rart: Litt av kvart laserkuttaren kan lage.

Det er også ein stor fotoprintar i A2-format, og fresemaskin for treblokkar. Der er også brodermaskin, avansert symaskin (overlock) og to vanlege symaskiner. I tillegg er det på plass microbit, små datamaskiner som brukarar kan programmere slik at ein til dømes kan lage vêrstasjon eller lage sensor som tel folk som passerer i eit område.

– Fantasien avgrensa bruken, seier Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilskot til leirskule

Siste veka før skulestart hadde dei som skulle opp i 7., 8. og 9. klasse i Fyresdal tilbod frå Telemark Lys og Fyresdal idrettsråd om å delta på leirskule, og dette takka ni elevar ja til. Ein av dei var Ilse Hoomoedt (11), og blant tilboda på leirskulen var å prøve utstyr i folkeverkstaden.

– Det er moro å vere i folkeverkstaden der eg lærer nye ting. Det er mykje kult og kreativt eg kan gjere her, seier jenta.

Skilpadder: Sluttresultat i tre etter at laserkuttaren har gjort sitt.

Gjensidigestiftinga gjev pengar til aktivitet for barn og unge. Telemark Lys søkte stiftinga om 47 000 kroner til å ha leirskule, og det fekk dei ja til.

Leirskulen varte i fire dagar. Måndag var det fotokurs, og dagen etter riding. Folkeverkstaden blei nytta onsdag føremiddag, og etterpå var det innebandy. Torsdag kunne deltakarane nytte folkeverkstaden igjen, i tillegg til frisbeegolf.

– Ein slik leirskule som dette kan eg tenke meg å vere med på meir, seier Hoomoedt nøgd.

For alle: Elisabeth Gasmann og Oddbjørn Svendsen i Telemark Lys ser gjerne at bygdefolk brukar folkeverkstaden i lokalet til frivilligsentralen.