
Støre på Utøya: – Hatet er ikkje borte
Terrorangrepet 22. juli var politisk, høgreekstrem terror – bore fram av idear som framleis finst i Noreg, slår statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fast.
– Det vi trudde aldri kunne skje igjen, det kan skje igjen. Hatet er ikkje borte. Ekstremismen er ikkje borte, sa Støre i talen sin på minnemarkeringa på Utøya tysdag.
Overlevande og etterlatne er samla i sola på Utøya for å minnast dei som vart drepen.
– Det er og godt å komme saman. Det er fint å vere her. AUF har gjenreist denne øya – ikkje som eit monument, men som ein sprell levande stad for demokrati og håp, sa Støre.
14 år er gått sidan 69 personar vart drepne på øya av terroristen Anders Behring Breivik i samband med AUFs sommarleir. Åtte til vart drepne i regjeringskvartalet i Oslo.
– Dei som overlevde og er ramma, får hatmeldingar. Og dagens nyheitsbilete om det, er ikkje anna enn sjokkerande og frykteleg. Dei skal vite at dei har ei støtte frå oss. Det gjer vondt, og det truar demokratiet og ytringsfridommen, sa statsministeren.
– Var ikkje tilfeldig
Han meiner at noko skjedde i forståinga av terrorangrepet i samband med tiårsmarkeringa for fire år sidan.
– For det første, ein større erkjenning og ærlegdom om at angrepet ikkje var tilfeldig. Alle vart ramma, men angrepet vart målretta utført mot AUF, Arbeidarpartiet og det aller dyraste vi har, ungdommen vår, seier Støre.
Han er tydeleg på at angrepet var politisk.
– Det var ikkje tilfeldig. Ikkje psykiatri. Det var høgreekstrem terror, av idear som finst i landet vårt og i verda vår.
– Eit særleg ansvar
For det andre minner Støre om viktigheita av å snakke sant om 22. juli, i ei tid med falske nyheiter og desinformasjon.
– Alle politiske rørsler har eit særleg ansvar for å snakke til sine næraste, til baklanda sine – og det var kontroversielt å seie i 2021, seier han.
– Vi har eit ansvar for å seie det som det er.
Han minner om at mange menneske som engasjerer seg i politikken, blir møtte med hat, trakassering og hets.
– Det startar på skjermane, i ropa på nettet. Utestenging av «dei andre». Muslimar. Jødar. Skeive. Romfolk. Samar. Andre minoritetar. Eller rett og slett: A-, B- og C-grupper, anten blant russen eller blant ungdom, seier Støre.
– Vi må møte det med kunnskap, med mot, og tydeleg. For ikkje teie det i hel. Men stå opp imot det – igjen og igjen.
(©NPK)