– Dette angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskuldige menneskeliv i fare. Russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha kast Europa inn i denne svært mørke situasjonen, seier Støre i ei skriftleg fråsegn til NTB. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Støre: Noreg fordømmer angrepet på det sterkaste

Eit varsel om ein omfattande invasjon, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om Russlands angrep på Ukraina. Samtidig er samhaldet sterkt i Nato og Europa.

Beskjeden om Russlands angrep på Ukraina er dyster og nedslåande, skriv Støre i eit Facebook-innlegg i 11-tida torsdag.

– Vi har allereie fått dei første meldingane om at liv er gått tapt i Ukraina. Befolkninga i byar og på landsbygda lever i frykt. President Putin seier målet hans er å fjerne den valde presidenten. Det er eit varsel om ein omfattande invasjon og militær operasjon mot Ukraina og hovudstaden. Til liks med FN, Nato, EU og land verda over fordømmer Noreg dette angrepet på det sterkaste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støre deltek no i møte med resten av Nato-landa, og med kollegaer i Norden og Europa.

– Samhaldet er sterkt, og fordømminga av det som skjer, er unison.

Ingen teikn til auka aktivitet i nord

Støre understrekar at det ikkje er teikn til auka spenning eller unormal aktivitet ved Noregs grense til Russland i nord.

– Noreg følgjer på vanleg måte situasjonen i nordområda. Ukraina er ikkje medlemmer av Nato, og situasjonen utløyser ikkje militære tiltak frå Natos side. Noreg hjelper Ukraina og det ukrainske folket med humanitær bistand og anna hjelp. Vi samordnar reaksjonane våre med dei europeiske partnarane våre og våre Nato-allierte. I Nato tek vi felles ansvar for tryggleiken til medlemslanda, skriv han.

Han forstår at mange blir urolege over det som no skjer i Ukraina.

Brot på folkeretten

Noreg fordømmer angrepet på det sterkaste, sa Støre til NTB tidlegare torsdag.

– Dette angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskuldige menneskeliv i fare. Russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha kasta Europa inn i denne svært mørke situasjonen. Russland må omgåande stanse dei militære handlingane sine og respektere Ukrainas suverenitet og territorielle integritet, sa han.

– Vi står saman med folket i Ukraina i denne forferdelege tida, sa han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig med at det i sosiale medium vart meld om eksplosjonar mange stader i Ukraina, melde Interfax at Russland sette i verk militære operasjonar mot landet klokka 5 torsdag morgon. Ukrainas utanriksminister skuldar Russland for å ha gått til full krig.

– Ein mørk dag i Europa

Høgre-leiar Erna Solberg kallar det russiske angrepet på Ukraina for ein mørk dag i Europa og for Ukrainas befolkning.

– Russland har starta invasjonen av Ukraina. Ein mørk dag i Europa, og for Ukrainas befolkning. Det trengst samla internasjonal reaksjon på Putins brot på internasjonal rett, skriv Solberg på Twitter torsdag morgon.