Statsminister Jonas Gahr Støre seier regjeringa ser på to ulike variantar av makspris, men at det finst argument mot begge løysingane. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Støre forstår at makspris på straum kan verke forlokkande – men er skeptisk

Det er to ulike variantar av makspris på straum som regjeringa no vurderer, men begge variantane har ulempene sine, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Makspris på straum er eitt av tiltaka som Olje- og energidepartementet har bede om eksterne utgreiingar av. Utgreiingane skal etter planen vere ferdige i august. Etter det vil regjeringa trekkje konklusjonar.

Støre seier til NTB at makspris på straum kan høyrast forlokkande ut, men at det er gode argument mot. Regjeringa ser ikkje bort frå nokre tiltak, slår Støre fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Krigen i Ukraina, høge gassprisar i Europa og lite regn har bidrege til den straumkrisa vi no står midt oppe i. Regjeringa vil bruke dei verkemidla som trengst for å handtere krisa, seier Støre.

– Vi vil gjere det som er nødvendig, både for å sikre forsyningstryggleiken i Noreg og for å hjelpe folk gjennom ein tøff vinter med høge straumprisar. Makspris er eitt av tiltaka vi vurderer, seier statsministeren.

Ingen udelt positive løysingar

Han fortel at det er to former for makspris regjeringa vurderer: Det eine er at det blir sett ein makspris på prisen brukarane betaler, til dømes gjennom ei straumstøtteordning som dekkjer rekninga over eit visst beløp. Då får kraftprodusentane framleis betalt marknadspris.

Den andre varianten er at det blir sett eit tak på kor mykje kraftselskapa kan ta betalt for straumen.

Inga av løysingane er udelt positive, seier Støre.

Alternativ 1

– Ordninga vi har i dag, er i realiteten ein slags makspris ved at han set eit tak og slår inn med 80 prosent støtte over det taket. I haust skal vi sjå på straumstøtteordninga saman med SV og vurdere om ho kan forbetrast, seier Støre.

– Det finst også motargument mot ei slik ordning. Med ein slik type makspris vil folk til dømes ikkje ha så sterke insentiv for å innføre enøktiltak i eigne heimar, noko som også er viktig for å få nok og rimeleg kraft i åra som kjem. Auka løyvingar til straumstøtte må også vurderast opp mot andre gode formål på statsbudsjettet, seier Støre.

Straumstøtteordninga gjeld ikkje næringslivet, og ein makspris som omfattar næringslivet, må formast ut på ein måte som er i tråd med EØS-reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alternativ 2

Støre seier at regjeringa heller ikkje ser bort frå det andre alternativet, altså eit tak på kor mykje kraftselskapa kan ta seg betalt.

– Men det er ganske tunge grunnar til ikkje å innføre ein slik makspris, seier Støre.

Støre seier det er tre gode argument mot ei slik ordning:

Det kan redusere verdien av å spare vatn i vassmagasina, noko som kan svekkje forsyningstryggleiken og auke faren for periodar med straumrasjonering.

Sidan Noreg i periodar må importere kraft, må maksprisen i så fall vere så høg at vi faktisk får tilgang til straum i utlandet, noko som kan drive kraftprisen opp.

– For det tredje finst det døme frå land som har brukt makspris som viser at mange kraftselskap kan gå konkurs når dei må kjøpe inn kraft til høgare pris enn dei kan selje til, seier Støre.

– Kan høyrast forlokkande ut

– Makspris høyrest enkelt og greitt ut, og eg forstår at mange synest det høyrest forlokkande ut. Men det er altså mange vektige grunnar mot det, seier Støre.

– Derfor er det viktig at vi jobbar grundig med dette, så vi unngår å gjere noko som får konsekvensar vi ikkje vil ha. Vi har bede Statnett gjere grundige vurderingar av dette, og regjeringa vil gå inn i dette med ein gong det ligg føre over sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konkurransetilsynet er blant dei som har åtvara mot at makspris på straum kan gi stor skade i marknaden. Dei åtvarar særleg mot at selskap kan gå konkurs fordi ein risikerer at utsalsprisen er lågare enn innkjøpsprisen for selskapa. Fleire land i Europa, mellom anna Storbritannia og Frankrike, opererer med former for makspris, men har opplevd utfordringar knytt til nettopp konkursar og svikt i leveransane av straum.

(©NPK)

Fleire har teke til orde for makspris på straum på grunn av dei skyhøge prisane i år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre på Statsministerens kontor i Oslo. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Ein straummålar i aksjon. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK