Vidarefører ordninga: Vinje kommune vedtok torsdag å setje ei bruttoramme på 400 000 kroner for sommarskulen og ferieaktivitetar for barn og unge i kommunen. Her frå 2020 då Vinje-ungdomen var samla til mellom anna helikoptersightseeing ved Vinjevatn.

Stør sommarskulen i år også – ynskjer å gjera ordninga permanent

Kommunestyret i Vinje var samrøystes då dei løyvde ei bruttoramme på 400 000 kroner til sommarskule og ferieaktivitet for barn og unge.

– Sommarferien i år er ekstra lang og me må sikre tilbod til ungane. Foreldra kan ikkje ventast å få fri gjennom ferien til ungane, sa Ane Killingtveit (Sp).

Ho var saksordførar i saka, og viste til at årets skuleferie er heile ni veker lang. Ho opplyste om at to koordinatorar er tilsette for å jobbe med sommarskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei veldig positiv sak, og noko me har gode erfaringar frå tidlegare, innleidde Kari Omdal Tveito (SV) då ho tok ordet i saka.

Omdal Tveito var nøgd med at sommarskulen blir teken inn i økonomiplanen frå neste år av.

– Då blir det meir langsiktig, ein kan planlegge betre, og slepp å få denne saken opp kvart år, sa ho.

Ho viste til den ekstra lange skuleferien, og at det difor er ekstra viktig med tilbod til ungane i kommunen.

– Det som blir tilbydd i dag, to-tre veker med nokre enkeltdagar utanom, er kjempebra, men det er framleis ein lang ferie att for mange. Både foreldre som har vanskeleg for å få fri og for ungar som blir gåande mykje aleine.

– Det økonomiske spelar også inn. Det er ikkje alle som kan ta seg råd til å reise bort på ferie eller sørgje for at ting skjer. Dersom kommunen kan sikre at ungar har moglegheit til å få fine opplevingar, i fellesskap, i litt fleire veker enn det som er høvet no, hadde det vore kjempefint, heldt Omdal Tveito fram.

Kommunestyret sette altså ei bruttoramme på 400 000 kroner for sommarskulen, og løyver inntil 250 000 kroner i restfinansiering. Kommunestyret vedtok også at satsinga skal opp til vurdering i samband med økonomiplanen for 2024-2027 i haust.