Stor auke av kommunar som hamnar på Robek-lista
Per oktober i år er 23 kommunar inne på Robek-lista, eit register over kommunar med dårleg økonomisk styring. Det er elleve fleire kommunar enn i desember 2023.
Å hamne på Robek-lista inneber at kommunen blir sett under ein slags «statleg administrasjon».
– Når kommunar er på Robek, pålegg staten dei å levere ein forpliktande økonomisk plan for å komme ut av lista. Der må det stå konkrete forslag på kva som skal til for å skape balanse mellom inntekter og utgifter, eksempelvis innføring av eigedomsskatt eller nedlegging av skular, seier seniorrådgivar Håvard Moe i KS-konsulent til FriFagbevegelse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi må heilt tilbake til desember 2017 for å finne fleire kommunar på lista, då var talet 28 kommunar. Heile 14 av dei 23 kommunane er i Nord-Noreg.
Å hamne på Robek-lista betyr at kommunen må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å kunne ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar. I tillegg skal lovlegheita av budsjettvedtaka deira kontrollerast av statsforvaltaren.
Moe trekkjer fram tre hovudårsaker til at talet på kommunar på lista har auka kraftig det siste året.
– Kommunesektoren har gått i luksusfella og lånt veldig mykje pengar til å byggje store og flotte bygg. No har renta gått opp, og renter og avdrag må betalast i kommunar som i privatøkonomien, seier han. Mindre skatteinntekter og eldrebølgja er dei to andre årsakene.
Dei 23 kommunane som er inne på lista per oktober, er Nesbyen, Flesberg, Moss, Åsnes, Kragerø, Vegårshei, Hareid, Tingvoll, Røros, Røyrvik, Nesna, Meløy, Fauske, Lødingen, Vågan, Andøy, Moskenes, Tjeldsund, Kåfjord, Hammerfest, Vadsø, Kautokeino og Gamvik.
(©NPK)