
Stjerneskott i solsteiken
Signe Marie Holte gjer inntrykk på det solsveitte publikumet under «open mikrofon» på Kviteseid bryggefestival laurdag.
Her er nokre glimt frå «open mikrofon» på Kviteseid bryggefestival.
To countrysongar og eit bringebær-stev byr den unge kviteseidingen på mellom dei gule pakkhusa på Kviteseid Brygge. Ein annan som syng er Jan Thomas Moen, som også styrer lyden med kyndig hand for dei andre deltakarane. Mest sveitt av dei som skal gripe mikrofonen er kanskje Solveig Helene Almelid.
– Eg melde meg på etter nokre gin i går, vedgår ho før ho set i gang å spele ukulele og synge.


Mange kosar seg med mat og drikke frå bryggeserveringa og lyttar til musikken, men gradestokken viser 35,5 grader, så mest like mange hoppar i Sundkilen for å kjøle seg ned.
Ved dei nye salsbuene på brygga er omstillingsleiar Vegard A. Johnsen vikarseljar for lokalmatprodusentar.
– Me er heilt tome for morellar, der hadde me feilberekna, smiler han frå parasollskuggen ved utsalet.


Det er fyrste gong bryggefestivalen blir skipa til, og elles i helga har det vore allsong i Hansen-hagen, quiz og konsertar for å nemne noko. Fleire på brygga var ikkje klar over at det skulle skje noko ekstra.
– Men det er veldig koseleg med musikk til maten, seier Andrine Kvålseth Lindestad.


Faste feriegjester
Lengst ute på bryggekanten sit ein familie frå skiflygingsbygda Vikersund og ventar på pizza.
– Det er femte året på rad me er innom her, fortel Ellen Blekkerud. Familien har eigentleg hatt for vane å feriere i Hallingdal, der ho har familie, men så oppdaga dei Vest-Telemark og Kviteseid.

– Her har ein alt. Fjell og skog og vatn og strender, seier Ellens ektemann Øistein. Dei har parkert bubilen på bubilparkeringa rett ved sentrum, og har ete fleire måltid på dei ulike kafeane i Kviteseid.
– Me har det veldig bra her. Einaste er at me gjerne skulle hatt straum på bubilparkeringa. Me hadde gjerne betalt meir per døgn for å ha tilgang på det, seier Øistein.
– Me var her faktisk for ei veke sidan, og i mellomtida har me vore ein tur til Fjone. Men me måtte innom att, smiler Ellen.
– Og me kjem gjerne att neste år.
