Ekteparet Alette og Stephan leitar etter ein stad å slå seg ned for godt.

Stephan og Alette ser for seg framtida i Vest-Telemark

Med 18 millionar menneske på eit «frimerke» sakna Stephan den norske naturen han vaks opp med. Etter mange år i Nederland har han og kona Alette starta eit nytt kapittel i Vest-Telemark – nå håpar dei å finne ein stad å kalle heime for godt.

Publisert

Stephan (29) og Alette (27) Kok sit i hybelleilegheita i Vrådal og ser utover Vråvatn og Hægefjell. Utsikta er vid og stille – noko heilt anna enn det dei var vane med frå Nederland. 

Historia strekker seg tilbake til 2004. Då var Stephan sju år gamal og flytta frå Nederland til Fyresdal saman med mor, far og veslesyster. På denne tida hadde Fyresdal kommune ei målretta satsing for å motverke fråflytting ved å rekruttere familiar frå Nederland.

Foreldra hans såg moglegheita. Faren er bakar, mora hadde studert i Noreg tidlegare, og det var eit bakeri til sals i Fyresdal.

– Det var ein draum som blei oppfylt for dei, seier Stephan.

– Her ser me Hægefjell, skisenteret, Vråvatn og Fram, seier ekteparet om utsikta frå leilegheita.

Sakna Noreg

Stephan byrja i 2. klasse på Gimle skule. Det var rart i starten. Han kunne ikkje språket, kjende ingen og hadde alle venene sine i Nederland. Samstundes fortel han at ein som barn fort venner seg til nye stader.

Etter berre ein månad snakka han dialekta flytande. Den har han halde fast ved sidan.

Foreldra dreiv bakeriet og vart kjende over heile Sør-Noreg. Men etter sju år gjekk ekteskapet i oppløysing. Før familien flytta til Noreg hadde dei sagt at om det ikkje gjekk, skulle alle flytte tilbake saman. Slik vart det ikkje. Som 14-åring flytta Stephan saman med faren tilbake til Nederland.

Stephan på framsida av ei brosjyre for Fyresdal som barn.

– Då eg kom til Nederland igjen, tenkte eg fyrst og fremst at eg måtte tilbake til Noreg så fort eg kunne. Eg sakna det med ein gong, fortel han.

Han fortel om ulikskapane mellom dei to landa.

– Nederland er stappa med folk. Det bur 18 millionar der, på det ein kan kalle eit frimerke.

Han tenkte heile tida at han berre skulle fullføre skulegangen i Nederland, for så å flytte tilbake til Noreg.

– Men så kjem kvardagen, og tanken om Noreg drukna litt. 

Då han studerte internasjonal marknadsføring og språk, møtte han Alette. Ho fortel at Stephan alltid snakka mykje om Noreg. Då ho sjølv var på studieopphald i Noreg, sende ho ofte melding til han for tips.

– Når eg spurde kva eg burde gjere, svara han alltid «Fyresdal», ler ho.

Ho visste at han var glad i Noreg, men ikkje kor sterkt ønsket om å flytte tilbake var. Det var ikkje før etter at dei hadde kjøpt hus i Giekerk, nord i Nederland, at Stephan igjen byrja å snakke om planen han eigentleg alltid hadde hatt.

– Ganske fort etter at me hadde kjøpt det huset, kom eg på at eg eigentleg hadde tenkt å flytte tilbake til Noreg, ler han.

Han innrømmer at han nesten skremde henne vekk.

– For det var ikkje fyrste tanken eg hadde rett etter at me hadde kjøpt hus, seier Alette. Men det sette i gang ein tankeprosess.

– Nederland har ikkje så storslått natur som i Noreg og Telemark, seier ekteparet.

Avgjerda kom i siste lita

Under pandemien sat dei mykje heime og kjende på at dei «sat i bur». Dei byrja å snakke meir konkret om å flytte. Alette hadde budd i Storbritannia tidlegare og likte tanken på eventyr. Ho ville ikkje nødvendigvis bli verande i Giekerk resten av livet. Etter ein ferietur til Noreg i 2022 kom tanken om å busetje seg her for alvor.

– På flyturen til Nederland slo det oss. Her vil me ikkje reise ifrå. Så medan me tørka bort nokre tårer på flyet, blei tankeprosessen sett i gang, seier dei.

Stephan og Alette på vinterferie i Noreg i 2022. Etter denne turen bestemte dei seg for å busetje seg i Noreg.

Prosessen tok tid. Huset måtte seljast, pengar sparast. Dei reiste på flyttemesse og undersøkte moglegheiter.

30. oktober i fjor kom dei til Noreg.

Vegen til Vrådal gjekk mellom anna gjennom jobben til Stephan. Han arbeidde for turoperatøren BBI Travel og hadde ansvar for vinterdestinasjonar i Noreg og Sverige. Han reiste mykje til Trysil, Sälen og Idre Fjäll, men ville òg lyfte fram Telemark.

Han utvikla Telemark Superski for BBI Travel, med Gausta, Rauland og Vrådal på lista.

– Det vart prosjektet mitt – og visittkortet mitt, smiler han.

Gjennom dette fekk han kontakt med Straand Hotel. Etter kvart vart det samtalar om jobb. Alette fekk sjå bilete frå hybelen i Vrådal.

– Eg fall for utsikta. Denne har me ikkje i Nederland, seier ho.

Ekteparet trivst med utsikta frå hybelleilegheita i Vrådal, men håpar å kjøpe eigen bustad.

Sjølv om ekteparet hadde snakka om og planlagt flytting i mange år, kom likevel avgjerda i siste liten. 

Dei fortel at dei gifta seg i slutten av september, sa opp jobbane, og pakka ned huset dei skulle selje i oktober. Stephan hadde to jobbtilbod å velje mellom i Vest-Telemark. Dagen før dei skulle overlevere nyklane, snakka Stephan med direktør på Straand hotell, Lars Arne Straand, og sa at dei hadde bestemt seg for Vrådal. Fem dagar seinare sat dei på ferja frå Kiel.

– Det er takka vera Straand at me er i Noreg no. Det er me veldig glade for, seier dei.

I dag arbeider Stephan som salsrepresentant på Straand, medan Alette er vikar.

Starten var litt krevjande for henne, med lite jobb og nytt språk. Men ho fann eit norskkurs i Seljord, som ho er svært glad for. 

– Då hadde eg noko å gjere, og eg lærer språket. No har eg også litt meir jobb, så det er bra.

Alette og Stephan ser for seg framtida i Vest-Telemark.

Vanskeleg bustadmarknad

No leitar dei etter ein stad å slå seg ned for godt. Helst vil dei eige.

Bustadmarknaden i Vest-Telemark opplever dei som spesiell.

– Det blir seld bustader, men lite ligg ute på Finn. Mykje blir seld utanfor marknaden. Då er det vanskeleg å vite kva som faktisk er til sals, seier Stephan.

Dei ser over heile Telemark, men helst i Vest-Telemark. Stephan legg ikkje skjul på at Fyresdal står hjartet hans nær.

– Eg har vakse opp der. Eg likar naturen der og roa som er der. Eg føler det er heime, seier han.

Alette smiler og fortel at han alltid får mange klemmar når dei er der. 

Sjølv etter 15 år i Nederland har han halde på fyresdalsdialekta.

For mange år, seier han kontant om tida i Nederland. Men dialekta har eg aldri gløymt, smiler han. 

Stephan har halde fast ved Noreg heile tida. Han har fylgt norske nyheiter, hatt Facebook og mobil innstilt på norsk, og også heia på norsk fotball. Til jol fekk han norsk landslagsdrakt.

– Eg har jo heia på Nederland dei åra dei har vore i EM og VM. Men no blir det Noreg. Om dei møter Nederland, så blir det Noreg då også, smiler Stephan.

– Det seier sitt, ler Alette. Han er halvt nordmann!

Alette jobba på ein flaggfabrikk i Nederland. Kollegaene hennar der laga eit fylkesflagg til paret. – Stephan kunne vore maskot for Telemark, smiler Alette.

– Om ein ikkje prøvar, angrar ein kanskje

Framtidsplanane til ekteparet er tydelege. Dei ynskjer seg hus med plass til å dyrke grønsaker og frukttre. Og fast jobb til begge. Kanskje vil dei ein dag starte noko for seg sjølve. Dei opplever at moglegheitene er fleire i Noreg enn i Nederland.

– Ein må i alle fall prøve. Om det ikkje fungerer, kan ein reise tilbake. Men om ein ikkje prøvar, angrar ein kanskje, seier Stephan.

Alette nikkar.

– Det er betre å angre på noko du har gjort enn noko du ikkje gjorde. Og eg angrar ikkje, understrekar ho.

No handlar det om å finne huset dei kan kalle sitt.

– Fjoråret var litt av eit år. No er planen å kjøpe hus og ta det med ro, ler Alette.

– Og senke skuldrene litt, avsluttar Stephan med eit smil.

Powered by Labrador CMS