Stenger: Kommunehuset i Kviteseid blir stengt.

Stenger kommunehusa i Vest-Telemark

Kommunane låser døra for besøkande.

For å verne innbyggarane mot smitte og spreiing av smitte, er det i samråd med kommunelegen slutta at kommunehuset vert stengt inn til vidare, skriv Kviteseid-rådmannen på kommunen sine Facebook-sider.

Fleire av dei tilsette på kommunehuset har heimekontor, og det er ikkje mogleg å besøke sakshandsamarar utan avtale. Folk må ta kontakt via telefon eller e-post, dei som må ha kontakt med jordskifteretten, tingretten, Nav, kyrkja eller sokneprest må også ta kontakt via telefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også dei andre kommunane varslar at kommunehuset blir stengt.

Meir koronainformasjon frå kommunane finn du her:

Seljord kommune

Kviteseid kommune

Nissedal kommune

Fyresdal kommune

Tokke kommune

VInje kommune

Artikkelen held fram under annonsen.