Stenger: Alle vidaregåande skulane i Vestfold og Telemark stenger frå og med måndag. Elevane skal få undervisning via nettet.

Stenger dei vidaregåande skulane

Torsdag vedtok Vestfold og Telemark fylkeskommune at alle dei vidaregåande skulane i fylket blir stengt frå 16. mars. Elevane skal få nettundervisning.

– Vedtaket vart fatta i dag til morgonen, og gjeld alle dei vidaregåande skulane i fylket, stadfestar John Erik Robertsen, rektor ved Vest-Telemark vgs på Dalen.

Det betyr at både skulen på Dalen og avdelinga i Seljord stenger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då VTB snakka med Robertsen var elevane endå ikkje informert, men blir det i løpet av dagen. Skulane blir stengt frå og med måndag 16. mars, og elevane skal få undervisning via internett.

– I dag blir elevane informert og førebudd på korleis det blir med nettundervisning, og i morgon skal lærarane planlegge. Fredag får elevane i praksis fri, seier Robertsen.

Blir tomt på Kvitsund i løpet av helga

Elevane ved Kvitsund Gymnas i Kviteseid blir også informert om situasjonen på torsdag, og elevane reiser frå skulen i løpet av fredag og helga.

– Me synest det er ein klok beslutning, og følger resten av fylket, seier rektor ved Kvitsund, Edgar Gamst Kristoffersen.

– Det blir digital undervisning framover, det har me jobba med ei stund. Me har ingen smitta, og det er ingen panikksituasjon, men det er betre å få elevane heim før dei eventuelt blir sjuke så dette er for å vere føre var, seier Gamst Kristoffersen.

Vedtaket gjeld førebels fram til påske.