Ørneskyttar Knut G. Veum og forsvarar Borgar Veiding.
Ørneskyttar Knut G. Veum og forsvarar Borgar Veiding.

Statsadvokatane ankar dommen mot ørneskyttaren

Det blei kjent fredag ettermiddag.

– Eg har ikkje lese anken enno, eg har berre fått det fortalt. Eg veit ikkje heilt kva dei har lagt til grunn, men eg har i utgangspunktet ikkje forståing for kvifor dei ankar. Men det må eg berre finne meg i, seier Veum.

Etter eit par veker med tenketid har statsadvokatane bestemt seg for å anke frifinninga Vest-Telemark tingrett gjorde av Knut Gunnarson Veum. Han var tiltalt for å ha skote ei freda havørn laurdag 18. november 2017 på ein Veum-gard like ved der ein saueflokk gjekk ved fôringsplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veum seier han skaut i naudverje, då ørnen såg ut til å gjera seg klar for å angripe saueflokken på garden. Aktoratet meiner at han ikkje kunne vera sikker på det. Veum hevdar òg at han trudde det var ei kongeørn som sat på greina. Dette fekk han medhald i av tingretten då han blei frifunnen i slutten av mars. 

– Opp til eit ankeutval

No har altså statsadvokatane bestemt seg for å anke til lagmannsretten. 

– Det er bestemt at dommen blir anka. Tiltalte fekk beskjed om det om lag kvart på to fredag. Statsadvokatane meiner at det på bakgrunn av sakas karakter og det som er funne av bevis er grunnlag for å levere inn ei anke, sa aktor Jan Stapnes på telefon fredag ettermiddag. 

Om saka blir teke opp att i lagmannsretten er det opp til eit ankeutval å bestemme. 

– Gangen vidare er enkel. I fyrste omgang sender statsadvokatane anka til Agder lagmannsrett, og så er det lagmannsrettens ankeutval som tek stilling til om ho slepp inn til behandling, sa Stapnes. 

Veum har stadig ei positiv innstilling, og seier at han berre må ta det som det kjem. 

 – Eg var veldig klar for å legge dette bak meg, men eg må berre smørje meg med tolmod og sjå kva som skjer. 

Han opplever å stå midt i mellom ein massiv stønad og ein massiv mostand. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei sak som engasjerer. Eg ser det godt, folk meiner mykje frå båe sider. Det er ei prinsippsak, seier Veum.