Vil vise fram bygda: Fyresdal kommune leiger Faun til å gjennomføre prosjektet «Flytte til Fyresdal» der dei no ynskjer ein influensar velkomen for å marknadsføre korleis det er å bu, jobbe og leve i Fyresdal.

Startar søk etter påverkar for å lokke fleire til Fyresdal

Dei tenker nytt i prosjektet «Flytte til Fyresdal», og skal ved hjelp av sosiale medier finne den perfekte påverkaren som flyttar til bygda med familien sin for å vise andre kor fint det er å bu og leve i kommunen.

I innkallinga til formannskapet i Fyresdal 14. januar kunne ein lese i sak fem, «Mandat – Prosjekt Flytte til Fyresdal», at kommunen leiger verksemda Faun ved Monica Sølyst og Birgith Reinskås Lunden til å gjennomføre prosjektet «Flytte til Fyresdal».

Fyresdal kommune er prosjekteigar og rådmannen er representant for prosjekteigar og var også sakshandsamar i saka. Onsdag vart saka offentleggjort, men torsdag vart saka lukka på heimesida til kommunen. Saksdokument og vedlegg var tatt bort frå innkallinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endra frå film til influensar

I saksutgreiinga kunne ein lese at Håkon Holtskog er prosjektansvarleg og eit viktig bindeledd i arbeidet til Omstilling Fyresdal og forprosjektet som omfattar Fyresdal Gründerhage. Hilde Martini Momrak og Einar Mikkelsen, begge frå̊ administrasjonen i kommunen, har også vore med i prosjektgruppa, i tillegg til referansepersonane John Kjell Lien, Aslak Momrak-Haugan og Svånaug D. Valseth.

Ideen er å få ein influencer med familie til å flytte til kommunen, og marknadsføre kommunen på ein moderne, dagleg, ekte og annleis måte i løpet av eit år.

– Prosjektet har utvikla seg over tid frå̊ februar til desember 2019. Prosjektet har fått ei ny retning. Faun føreslo ny vinkling på prosjektet til prosjektgruppa, rådmann og ordførar. Det var einigheit om å endre kurs frå̊ film som marknadsfører Fyresdal, til å omfatte influencer marketing. Ideen er å få ein influensar med familie til å flytte til kommunen, og marknadsføre kommunen på ein moderne, dagleg, ekte og annleis måte i løpet av eit år, står det i saksutgreiinga.

Ein influensar er ein påverkar, og ordet blir ofte bruka om enkeltpersonar som ytrar seg offentleg, gjerne på sosiale medier eller i andre kanalar for å påverke haldningar hos lesarane.

Rådmannen skriv vidare i saksutgreiinga at kommunestyret i Fyresdal fekk ei orientering om endringane i prosjektet 12.12.2019, bak lukka dører. Signala som då vart sendt var utelukkande positive, og Faun fekk mandat til å gå ut med pressemeldingar og instagram-kampanje i januar 2020.

Vil få fram alle dei gode sidene med Fyresdal

Det kjem fram i saka at prosjektet har ei kostnadsramme, men det er ikkje sagt noko om kva kostnad prosjektet har.

«Fyresdal kommune har gjennom fleire år lagt ned mykje ressursar i generell næringsutvikling. Fokuset har mykje vore retta mot å skape arbeidsplassar og tilflytting. Det er og lagt ned mykje innsats for å skape gode bu miljø som tilrettelagde aktivitetar på fritid og eit variert tilbod for busetting. Omstillingsprosjektet har den seinare tida kome til og all denne satsinga heng saman. Dette er vurdert til at ei felles marknadsføring nå kan vere bra for å samla kunne få fram alle dei gode sidene det er med å flytte til Fyresdal», skriv Faun i prosjektbeskrivinga som fyrst vart presentert for formannskapet i februar 2019.

Endra prosjektet

Det var prosjektgruppa som vart einige om eit nytt resultatmål der dei ynskjer at ein influensar i løpet av eitt år skal marknadsføre korleis det er å bu, jobbe og leve i Fyresdal.

– Målet for prosjektet er å gjere Fyresdal synleg i marknaden, auke folketalet, skape fleire arbeidsplassar, styrke eksisterande verksemder og gjere det enklare å etablere ein «gründerhage», kan ein lese i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til at saka kjem til formannskapet i dag er endringane i prosjektet, og prosjektgruppa ynskjer godkjenning av nytt mandat. Tiltaket vil krevje verdien på husleige/tapa leigeinntekter i eit år og gratis barnehage/SFO, i tillegg til arbeidstid for nokon til å fylgje opp influensaren i løpet av året.

Innstillinga til rådmannen er positiv og oppmodar om å godkjenne endringar av resultatmål for forprosjektet «Flytte til Fyresdal».

VTB har spurd kommunen om kva økonomisk ramme kommunen har sett av til prosjektet, kvifor saka vart orientert om bak lukka dører i desember og kvifor saka er lukka i innkallinga til dagens møte. Kommunen har ikkje svara på desse spørsmåla.