Kvitsund: Faglærar ved Kvitsund gymnas, Inge Håvard Jore, har undervisning via nettet saman med elevane Olga Vestbøstad, Eline Sørheim og Signe Øy.

«Spenninga i starten var mest om det tekniske fungerte, og om kapasiteten heldt når plutseleg heile landet vart pålogga.»

Inge Håvard Jore. Faglærar ved Kvitsund gymnas.

Korleis er det å vere lærar i desse korona-tider?

VTB har kontakta lærarar i småskulen, mellomtrinnet, ungdomsskulen og på vidaregåande rundt omkring i Vest-Telemark for å høyre korleis dei fyrste vekene med heimeskule har vore.

Korleis var det å lage eit nytt opplæringsopplegg på så kort tid?

Korleis synest lærarane det er å følgje opp elevane nå, kontra å ha dei i klasserommet?

Kva likar lærarane med å undervise på dette viset, kva likar dei ikkje?

Kva er den største utfordringa? Kva tilbakemeldingar får de som lærarar?

Kva tenker de om at heimeskulen kan vare ei god stund framover?

Ja, slik ser klasserommet ut no for tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overgangen til heimeundervisning av elevane kom veldig brått på, og endringane skjedde veldig fort. Torsdag etter lunsj vart det bestemt at fredag var reisedag heim for elevane, og måndag heldt undervisninga fram som vanleg med digital heimeskule. Både elevar og personale har tatt dette veldig sporty og kasta seg rundt og gjort det som ein kan gjere for at det skal fungere.

Det er nok litt forskjell på opplegget frå fag til fag, men mi oppleving så langt er at sjølve undervisninga i stor grad kan fortsetje på same måten som før. Med elektroniske tavler kan du sende live på nettet det du vanlegvis gjer i timen. Så spenninga i starten var mest om det tekniske fungerte, og om kapasiteten heldt når plutseleg heile landet vart pålogga. Men det tekniske har fungert overraskande bra!

Det er ingen tvil om at det no er mykje lettare for elevane å kunne gøyme seg litt vekk når ein sit bak ein skjerm heime enn når ein er i eit klasserom. Det tekniske fungerer svært bra, så dersom ein elev sjølv tar initiativ er det veldig godt tilrettelagt for å kunne hjelpe til. Skjermar kan bli delt, ein kan ta bilete av eige arbeid og sende det, og bruke det digitalt vidare. Men dei elevane som var stille frå før av er endå tausare og vanskelegare å kome inn på no. Som digital lærer synest eg det er vanskelegare å få følgt opp dei elevane som sjølv ikkje tar initiativ.

Det er positive ting med å digitalisere arbeidet, men totalt sett er det fleire minus enn plussar. Det er veldig stor forskjell på å snakke til ein skjerm, mot å snakke til ei forsamling som du kan sjå i kvitauga.

I det digitale klasserommet kan ein velje om kameraet skal vere på eller av. Men sjølv om kameraet er på, erstattar ikkje det fysisk nærvær. Sjølv om ein elev ikkje seier så mykje, så fortel kroppsspråket ganske mykje, så i ein vanleg time blir det kommunisert mykje non-verbalt. Dette mistar ein litt med digital skule. Så eg synast den generelle kontakten med elevflokken blir mindre på denne måten.

Eg synast kanskje den største utfordringa er å få respons og følge opp dei elevane som sjølv ikkje tar initiativ.

Generelt er tilbakemeldingane til meg som lærar at skulekvardagen fungerer og kan gå sin gang vidare. Men elevane gler seg til å kome tilbake og treffe kvarandre att!

Eg tenker at når det først er så gale som det er, så er heimeskulen no ei løysing som er tilfredsstillande og funksjonell. Men den er mindreverdig i forhold til å ha sprell levande folk rundt seg, så eg gler meg veldig til tunet her fyllast opp att!