Oslo 20200625. Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad.Arkivfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Sp vil bruke milliardar på bygdevekst og skattekutt i distrikta

Redusert selskapsskatt i distrikta, lokal vindkraftskatt og momskutt på reiseliv. Det er blant sakene Sp trekker fram frå programutkastet sitt.

Parlamentarisk leiar Marit Arnstad hadde med seg ei rekkje forslag til ny distriktspolitikk, ny industripolitikk og betre beredskap då ho torsdag la fram førsteutkastet til nytt prinsipp- og handlingsprogram.

Redusert selskapsskatt for alle bedrifter i dei områda som i dag er omfatta av differensiert arbeidsgivaravgift, er blant forslaga i distriktspolitikken. Samtidig ønskjer Sp å utvide den differensierte arbeidsgivaravgifta til å gjelde alle sektorar og bransjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må leggje til rette for vekst i heile landet, ikkje berre i byane, seier Arnstad.

Nei til havbruksskatt

Programkomiteen foreslår òg at avvise grunnrenteskatt for havbruk og innføre ei arealavgift der inntektene går til vertskommunane. Partiet vil kjempe for å behalde inntektene til lokalsamfunna frå havbruksfondet på linje med i dag, der 70 prosent går til kommunane.

Vidare på distriktspolitikk vil Sp behalde konsesjonskraft og konsesjonsavgift på vasskraft som lokal skatt, innføre lokal skatt på vindkraft og redusere momsen på reiseliv. Det siste har vore eit sentralt tema i fleire forhandlingar om hjelp til den kriseramma reiselivsnæringa i år. Frå nyttår aukar momsen igjen til 12 prosent, frå dagens mellombels låge nivå på 6 prosent.

Det er tidlegare kjent at Senterpartiet vil setje av tolv milliardar kroner til bygdevekstavtalar, som skal vere langsiktige avtalar mellom ei gruppe kommunar og staten om næringsutvikling og infrastruktur.

På høyring

Arnstad har allereie lufta fleire av forslaga frå komiteen, som no har vore på ei første høyring i partiorganisasjonen.

For å betre beredskapen vil Sp opprette ein totalberedskapskommisjon og opprette fleire lensmannskontor for å sørgje for meir tilstadeverande nærpoliti.

I industripolitikken foreslår programkomiteen at Sp bør gå til val på å bidra til at det planlagde anlegget for karbonfangst og -lagring på Norcem i Brevik blir realisert, og dessutan at «målet må vere to fullskala CCS-anlegg i drift før 2025».

No skal grasrota i partiet få seie meininga si om heile førsteutkastet. Nytt partiprogram blir vedteke på landsmøtet i partiet til våren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Programmet vi legg fram i dag, angir ei tydeleg retning som skil seg markant frå sentraliseringspolitikken til regjeringa, seier Arnstad.

(©NPK)