Fire nye år med samarbeid: Dei tre partia Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og KrF held fram samarbeidet i Tokke. Benedikte Nes (f.v.) (MDG), Camilla Lagergren Knudsen (Sp), Jarand Felland (Sp) og Ellen Ofte Jakobsen frå KrF. Signe Marie Fosli Stenseth er fyrstekandidat for KrF, men var ikkje til stades då bilde vart tatt.

Sp, MDG og KrF held fram samarbeidet, men det blir ny varaordførar

Senterpartiet gjorde eit godt val i Tokke, og Jarand Felland går mot fire nye år som ordførar. Nå er det klart at dei skal halde fram samarbeidet med Miljøpartiet Dei Grøne og KrF.

Valresultatet i Tokke var klar tale frå veljarane, etter to periodar med ordføraren fekk Sp over 40 prosent av røystene. Det betyr at Senterpartiet får ti representantar i kommunestyret, mot dagens ni. Medan samarbeidspartnar MDG gjekk litt tilbake frå førre val, og går frå to representantar til éin.

For fire år sidan gjekk Sp og MDG inn i eit samarbeid, og Benedikte Nes (MDG) var varaordførar. Dei har også hatt eit litt mindre formelt samarbeid med KrF dei siste fire åra, men har mellom anna hatt gruppemøte saman. Nå har dei tre partia blitt einige om samarbeid dei neste fire åra også, og dannar slik fleirtal med 12 av 21 representantar i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser fram til å jobbe saman med MDG og KrF for å utvikle Tokke kommune på ein positiv måte i åra som kjem, seier Felland i eit presseskriv.

– For våre parti har bustadutvikling, god prosess for utvikling av nye Tokke skule, god tilrettelegging for næringslivet og ein aktiv landbrukspolitikk vore viktig, legg han til.

Partane har blitt einige om at Felland blir ordførar, medan den politiske nykomaren Camilla Lagergren Knudsen (Sp) blir varaordførar, Benedikte Nes skal vere i formannskapet og Signe Marie Fosli Stenseth skal vere 1. vara til formannskapet.

Ny leiarduo: Jarand Felland får fire nye år som ordførar i Tokke. Ny varaordførar blir partifelle Camilla Lagergren Knudsen frå Byrte.