Vandring for forandring: – Sorg er jamt tung, men spesiell tung er sorga ved sjølvmord. Mykje von treng den som har mista ein kjær i sjølvmord, seier prostidiakon Eilev Erikstein. I september er han med å arrangere pilegrimsvandring.

«Sorg er jamt tung, men spesiell tung er sorga ved sjølvmord. Mykje von treng den som har mista ein kjær i sjølvmord»

Helga 11.–13. september blir det vandring langs den gamle pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal. Målgruppa er menn som har mista nokon i sjølvmord.

– Gjekk ein, så var det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå. Difor har det å gå ei ekstra verdi i møte med sorg. Sorg er jamt tung, men spesiell tung er sorga ved sjølvmord. Mykje von treng den som har mista ein kjær i sjølvmord, seier prostidiakon Eilev Erikstein.

Saman med RVTS Sør og Agder og Telemark bispedøme inviterer prostidiakonen til pilegrimsvandring. 11. til 13. september blir det gjeve eit tilbod for menn som har mista nokon i sjølvmord – det vere seg ektefelle/sambuar, søsken eller ein kamerat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange etterlatne opplever hjelp ved å møte andre i same situasjon. Fellesskapet gjev rom for aksept og forståing. I programmet er det sett av tid til samtale og deling av erfaringar på kveldstid, men hovudsaka er sjølve vandringa, seier Erikstein.

Det er plass til ti menn på denne vandringa.

Gjennom mange hundreår vandra folk pilegrim til Røldal. Målet var krusifikset i den gamle kyrkja. Å gå pilegrim var ei håpsrørsle.

Innhaldet i samlinga vil vere ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje. Vandringa er også ei markering av Verdsdagen for førebygging av sjølvmord (10. september).

Program

Fredag: Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågsli. Ein matbit og ei kort samling for å bli litt kjent samt informasjon om vandringa. Overnatting i hytter.

Laurdag: Vandring frå Prestegård til Ulevå ca. 16 kilometer i høgfjellet.

Middag og overnatting i Haukelifjell Skisenter Kort samling på kvelden der deltakarane deler erfaringar frå denne dagen.

Sundag: Bil frå Haukelifjell Skisenter til Svandalsflona, start på siste etappe i nitida. Vandring frå Svandalsflona til Røldal. Ca 13 km. Samling og avslutning inne i kyrkja. Middag i Røldal.