Damebordet ler så tårene trillar når Arild Nystog tek sluttreplikken i eggerøre-historia.

Song, graut og grovisar på seniorsenteret

– «Men kjære vene, Olav, kva er det du driv med? Me har då visp», avsluttar Arild Nystog historia si, og over førti pensjonistar ler så taket nesten lettar på Rauland seniorsenter.

Sissel Bitustøyl er primus motor for seniorsenteret. Med seg har ho eit styre, og dei rullerer på å ha ansvaret for treffa. I tillegg er det med to frivillige seniorar kvar gong.

I snart eitt år har seniorane samla seg til treff kvar måndag i Sondov-lokala i Rauland sentrum. Nå er det joleavslutning.

– Her er masse graut, de må forsyne dykk meir! 

Sissel Bitustøyl bruker mikrofonen for å overdøyve skravlinga i det fullsette lokalet, og fleire reiser seg for å fylle tallerkenen på nytt. 

Bladfyken smett ned på ein av stolane som blir ledige for å høyre korleis pensjonistane har det på klubb. 

– Heilt supert! kjem det frå fleire.

– Og du kan godt kalle det ein pensjonistklubb. men ein må ikkje vere pensjonist for å koma hit, legg Kirsten Vaagen til.

Hege Bakke (f.v.), Kirsten Vaagen og Sigrid Nykos er på joleavslutning på Rauland seniorsenter, men har mykje anna å drive med også. – Dette er ein bonus, seier Hege.

Damene kosar seg på seniorsenteret, men fortel at det slett ikkje er lite å finne på for deira aldersgruppe resten av veka heller.

– Me har mange møtestadar, så dette er ein bonus, seier Hege Bakke.

For i løpet av veka er det ein seniortrim, to seniorsymjingar og gågrupper både onsdagar og torsdagar.

–  Det er mannfolkgruppa som går på torsdag – dei går i alle fall frå bilen til Lega. Men det er jo det sosiale som er viktigast! ler damene.

Strikkemann og symann

Kjell Erik Guddal har med seg strikketøy på seniorsenteret.

Det er ein herre ved dette såkalla damebordet også. Kjell Erik Guddal har tatt med seg strikketøyet, og trur det er best å halde seg  med strikkedamene.

– Eg hadde nok blitt glodd på ved herrebordet, smiler han.

– Ja, her går det i strikking og garn, medan dei skal redde verda, seier Kirsten Vaagen med eit blikk mot herrebordet i andre enden av lokalet.

Øyvind Solbakken meiner Kjell Erik ikkje vil bli beglodd viss han tek med strikketøyet til herreavdelinga. Sjølv har han sydd mobillomme på 501-olabuksa si.

Stol-eigaren kjem att med grauten sin, og VTB tek turen ned til herreavdelinga for å høyre om det hadde vore trygt for Kjell Erik å ta med strikketøyet dit.

– Ja sjølvsagt, utbryt Øyvind Solbakken, og syner fram låret på Levis-buksa si, der han har ei lomme til mobilen. Så reiser han seg opp og syner fram bakenden også – som er lommelaus.

– Eg flytte den sjølv, smiler Øyvind, som altså ikkje er framand for å sy litt. 

– Ein gong gjekk eg inn i ei Levis-forretning og viste dei buksa mi, og spurde om dei ikkje hadde fått inn denne modellen med lomme på låret. Ekspeditøren blei oppskjørta, og spurde «Hvor har du kjøpt den».

Romjolsdraum

Eystein Matheussen drog i gang allsong på joleavslutninga, men tok fyrst ei strofe med litt alternativ tekst. – «Ein skulle vore 70 år i romjul, og kjint ei jinte som var 69...»

Det er nokre-og-førti på plass på joleavslutninga i dag, men då to frå E76 kom og spela for eit par veker sidan var dei over 60. Stort sett skjer det noko ekstra på seniorsenteret annankvar måndag, medan dei andre måndagane berre er skravling med kaffi, te og noko å bite i.

Denne måndagen er ein der det skjer litt ekstra, for i tillegg til grautserveringa er Eystein Matheussen på plass og byr på jolesongar.

– «Ein skulle vore 70 år i romjul, og kjint ei jinte som var 69,» startar Matheussen, og publikum humrar. Så tek han den vanlege 4-åring-teksten, og seniorane syng med. Nede i herreavdelinga er det særleg ei stemme som kling klart gjennom heile «Romjulsdrøm».

– Ein må jo synge når det er allsong, og særleg når det er Prøysen, smiler Åsta Østmoe Kostveit, som kjem frå Østerdalen.

– Ein må jo synge når det er allsong, og særleg når det er Prøysen, smiler Åsta Østmoe Kostveit, som er einaste dame ved herrebordet. Ho er frå Østerdalen, ikkje langt frå Prøysens heimtrakter, derfor er han ein av hennar jolefavorittar.

– Men favorittdiktaren min er Aslaug Vaa, legg ho til. For Åsta er glad i dikt, og kan fortelje om nok eit fritidstilbod i Rauland – andre tysdag kvar månad er det dikt- og viseklubb på Austbø hotell. 

Ein aktivitet for alle

Ved eit meir kjønnsblanda bord midt på kan Sivert Vaagen fortelje om endå meir å finne på i bygda. På akademiet er det både spikkeklubb og strikkeklubb kvar veke, og jammen er det ei tredje gågruppe også.

– Du er jo med i toppturgruppa, smiler Sivert og dultar borti Jorid som sit attmed han.

– Du må ikkje kalle den det, seier Jorid og ser litt brydd ut.

Sivert Vaagen (f.v.) Jorid (som berre vil ha førenamn i avisa) og Ellisiv Rogan er på joleavslutning på Rauland seniorsenter.

– Men det er jo det det er, ler Ellisiv Rogan, som sit på andre sida av Jorid. Det viser seg at gågruppa til Jorid alltid går tur i terrenget, og at dei er på ein eller to toppturar kvar sommar. Til dømes har dei vore på Vehuskjerringa, Bossnuten og Brattskarnuten.

– Det er mykje å finne på i Rauland, men det er gjerne den same kjernen som deltek på det meste. Det er derfor det er så fint med seniorsenteret. Hit kjem også dei som ikkje er med på noko anna, seier Ellisiv.

Så til grovisane

Endå ein post står på programmet på joleavslutninga. Arild Nystog er på plass med nisselue og mikrofon, og han har nokre saftige historier på lager. 

– For ein god del år sidan var det populært med gardsturisme. Dei leigde kanskje bort ei hytte eller staule eller litt forskjellig. Og så var det ein kar som dreiv med dette, og han hadde geiter. Og så kom det to møykjeringar nedatte Skien, seier Arild, og kikkar opp mot det øvste damebordet. 

– Eg treng kanskje ikkje forklare dykk kva møykjeringar er? spør han, og dei ler godt til svar.

Arild Nystog er god til å fortelje, og skildringane hans får folk til å dra på smilebandet lenge før sluttpoenget. – Dette er ikkje sjølvopplevd, altså, understrekar han fleire gonger.

– Og så såg dei at han dreiv med geiter, og lurte på om dei ikkje kunne få låne ei geit opp på staulen. Ja, han kunne koma med ei neste dag. Men han var litt full av f, så han tok bukken i staden. Og så spurde han om dei kunne mjølke den, og det skulle dei få til. Etter nokre dagar kom han opp for å sjå til dei, og spurde korleis det gjekk med geiti. Nei, det hadde ikkje vore så fælt ut av den. Men ho hadde hatt til fløyte i kaffien.

Mannen som skulle stelle eggerøre

Ei latterbølge skyler gjennom lokalet, og Arild dreg  kjapt på med neste.

–  Og så er det ei anna historie, og det er det med desse karane som skulle stelle heime. Det hadde seg slik at gubben ville stelle litt godt med kjerinigi si ein morgon. Så han ville tidleg opp så ho fekk mat på senga. Og han var nede på kjøkkenet og styrte og stelte, og fann ut at noko eggerøre kanskje hadde vore lurt å få til. Så han ordna seg til med ein bolle der og rørte til og forskjellig. Og panna stod gørrvarm på komfyren, og som vanlege folk så hadde dei jo salt og pipar oppe i hylla over komfyren, forklarar Arild. 

– Og så stod han der då, med ei slik gamaldags pysjbukse, og den var ikkje smekk på, den var open og så slik knyting på. Så når han tøygde seg fram etter saltet så datt stellet hans ut og ned på den varme panna. Så det blei eit jækla styr, og  når det gjeld å brenne seg så må ein jo nøyte seg å kjøle ned det som blir brent.  Så tok han den eggerøra då, for den stod nærast, og stod der og kjølte på stellet sitt. Så kom kjeringi inn på kjøkkenet, for det vart jo litt leven. Og ho sa «Nei men kjære vene, Olav, kva er det du driv med? Me har då visp.»

Anne Grete Larsen har med seg barnebarnet Vilja på seniorsenteret. Ho er for liten til å skjøne kva alle ler så godt av.
Øyvind Solbakken (t.h.) og Svein Henry Ekre sit i herreavdelinga. Dei fortel om mykje moro på seniorsenteret, og quiz er noko av det som engasjerer mest. – Me har aldri vunne, men me har vore tett oppunder. Det trur me i alle fall sjølve, ler karane, som irriterer seg bittelitt over praksisen med å berre annonsere vinnaren og ikkje resten av pallen.
Sigmund Tvitekkja smiler nesten frå øyre til øyre.
Huseigar Oddmund Skeie er innom seniorsenteret for å sjekke brannalarmen. Lokalet hans blir brukt av både ungdomsklubb og seniorsenter, og begge grupper er rimeleg greie, synest han. – Men det er kanskje hakket lettvinnare med dei eldre.
Sigrid Nykos har med seg strikketøyet på seniorsenteret.
Torbjørg Vaa (t.v.) og Ingrid Britt Hestdalen på Rauland seniorsenter.
Alf Svenning Berg kjem litt seint, men Sissel Bitustøyl har masse graut igjen.
Arild Nystog fortel saftige historier på joleavslutninga.
Powered by Labrador CMS