Sommarstengde storstover
Vinjehuset, Raulandshuset, Øyfjell grendehus og Edland samfunnshus er stengde frå 1. juli til 12. august. Det betyr at ingen kan tinge husa til private arrangement som bryllaup eller slektstreff i denne perioden.
Ordninga med sommarstengde samfunnshus har vore der så lenge byggansvarleg Tor Lunde kan hugse, og kjem av at reinhald og vaktmeistrar har ferie. Ein må ha tilgang på vaktmeister dersom noko skulle skje, og på grunn av strenge reglar for reinhald kan ein ikkje leige husa og vaske etterpå sjølv. Det er eitt unntak frå stenginga, og det er sommarskuleaktivitetane til kommunen.
Det vart fyrst annonsert at husa ville halde stengt heilt fram til 18. august, noko som kunne blitt ein strek i rekninga for eit slektstreff og eit bryllaup som var planlagde i slutten av perioden. Men etter ein gjennomgang av ferielistene oppdaga kommunen at den stengde perioden kunne kortast ned med ei veke, og dermed ordna det seg med festlokale for begge desse arrangementa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skulle det oppstå behov i samband med til dømes ei gravferd sommarstid, så vil ein ifølgje Lunde truleg kunne finne ei ordning for dette. Men noko slikt har ikkje vore tema til no.
– Eg kan ikkje minnest at det har vore behov for å leige husa i dei stengde periodane nokon gong.
Stengt kjøkken
Også i resten av året kan krava til reinhald føre til at nokre av samfunnshusa i Vinje ikkje kan nyttast fullt ut. Det har samanheng med at samfunnshuskjøkkena i nokre tilfelle også vert nytta til å stelle til skulemat. Av omsyn til alvorlege allergiar er det då avgjerande at reinhaldet er heilt etter boka.
På Rauland har dette ført til at andre som brukar Raulandshuset ikkje kan nytte kjøkkenet. Lunde understrekar at dei ønskjer at samfunnshusa vert nytta mest mogleg, og at han skjønar at folk reagerer på restriksjonane.
– Men dette er handlar om liv og helse, forklarar han.
Vert kjøkkenet brukt av andre som ikkje er kjende med rutinane og krava til reinhald, så må det gjennom ein full nedvask etterpå.
Korleis ein løyser slike kjøkkenproblem er opp til politikarane, påpeikar Lunde.
Ein moglegheit kan vere å investere i eiget kjøkken og kantine til skulen, slik at skulematen ikkje vert laga til på samfunnshuskjøkkenet. På Åmot skule har dei ei slik løysing, noko som gjer at kjøkkenet på Vinjehuset kan nyttast av andre utan full nedvask etterpå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein annan moglegheit, som ikkje krev store investeringar, er rett og slett å bruke meir pengar på reinhald.