Kvinne i kvit kjole på balkong med hav og solnedgang i bakgrunnen.
Sommargjesten Guro Venås Thorstensen

Sommargjesten: Guro set pris på mor og far

Publisert Sist oppdatert

Namn: Guro Venås Thorstensen

Alder: 18

Bur: Seljord

Gjer: Jobbar på Nesbukti i sommar, men skal begynne å studere til sjukepleiar i haust.

Kva er planane dine denne sommaren?

– Planane mine er å dra på Countryfestivalen og flytte, også skal eg vere med vener og familie.

Har du eit sommarminne du vil dele?

 – Det må bli då eg var med venninnene mine Sigrid, Amerina og Ingrid på Aya Napa. 

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

– Det er mamma og pappa, dei gjer alt for meg. Og kanskje nå seinast Sigrid, då me åt nachos.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

 – Det er viktig for meg at det er eit godt tilbod for ungdommen, noko det ikkje er, og at det er eit godt aktivitetstilbod. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

– På Telnes.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

 – Eg ville tatt dei med på ein tur for å vise fram naturen og fjella me har her.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt? 

 – Snålt, det er eit koseleg ord.

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

– Til bestemor og bestefar og bestemor og familie og venner. 

Powered by Labrador CMS