Statsminister Erna Solberg (H) opplever at regjeringa har hatt brei støtte i folket for å setje helse først. Foto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPK

Solberg om bråstoppen i økonomien: – Vi må setje helse først

SSB melder om bråstopp i norsk økonomi som følgje av koronatiltaka. Statsminister Erna Solberg (H) er likevel trygg på at tiltaka ikkje har vore for harde.

– Veldig mange av desse tiltaka måtte vi ha gjort uansett på grunn av smittespreiinga. Ein del av dette kjem jo òg av at når folk blir sjuke eller må i karantene, så blir det mindre verdiskaping, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Fredag la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram tal som viser at koronatiltaka har ramma norsk økonomi knallhardt. På berre to veker i mars fekk Fastlands-Noreg ein større nedgang i BNP enn i eit heilt kvartal med finanskrise i 2008.

Artikkelen held fram under annonsen.

Manglar sidestykke

Sjølv viss alle dei hardaste koronatiltaka blir løyste opp dei neste to månadene, må vi rekne med fleire år med høg arbeidsløyse og rekordlåg lønnsvekst, ifølgje SSB, som slår fast at stenginga av økonomien manglar sidestykke i norsk økonomisk historie.

– Viss vi ser på kva som har skjedd i Spania og Italia, som ikkje gjekk hardt til verks frå byrjinga av, så har vi vel eigentleg svaret på det. Vi kan ikkje sjå på Noreg isolert, utan å sjå kva som har skjedd i andre land, seier Solberg – men utan å nemne Sverige, som valde å ikkje stengje skular, barnehagar og delar av næringslivet.

– Ansvarsfullt

Solberg seier at ho opplever det som «ansvarsfullt» at den historiske nedgangen i økonomien skjer på vakta hennar.

– Samtidig har vi sagt éin ting veldig høgt, som eg opplever at vi har hatt brei støtte for i folket, nemleg at vi må setje helse først, seier statsministeren.

(©NPK)