Statsminister Erna Solberg kalla situasjonen dramatisk då ho torsdag orienterte Stortinget om handteringa av koronapandemien. Samtidig presenterte ho ei rekkje nye og strengare tiltak som regjeringa håpar skal bremse spreiinga av viruset. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Solberg ber nordmenn droppe festane og halde seg heime

Nordmenn må dei kommande vekene i størst mogleg grad halde seg heime og avgrense sosial kontakt med andre menneske, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho orienterte torsdag formiddag Stortinget om ein smittesituasjon ho kallar dramatisk. Samtidig presenterte ho ei rekkje nye og strengare tiltak som regjeringa håpar skal bremse spreiinga av viruset.

– Situasjonen er svært alvorleg, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho påpeikar at det har vorte meir enn 6.000 fleire smittetilfelle i Noreg dei siste vekene og åtvarar om at vi kan få ein situasjon som den ein ser fleire stader i Europa.

Folkehelseinstituttet reknar med at 60 prosent av smittetilfella ikkje blir oppdaga, og smitta blir dermed ikkje sett isolasjon. I tillegg er smittekjelda ukjend for éin av tre som testar positivt for covid-19, påpeikar statsministeren.

– Vi har ikkje mista kontroll med situasjonen. Men vi har mindre kontroll enn vi ønskjer, og det går i feil retning, seier ho, og opplyser at viruset blir spreidd raskare enn styresmaktene hadde føresett.

– Møte færre

Regjeringa strammar no inn på ei rekkje tiltak, mellom anna kor mange som kan vere samla til private samankomstar og arrangement. Tilrådinga er framleis at ein ikkje skal ha meir enn fem gjester heime.

– No må det vere slutt på festane for ein periode, seier Solberg.

Generelt ber ho folk om å møte færrast mogleg.

– Nokre stader er vi på brestepunktet for kapasiteten på smittesporing, fordi folk møter for mange, seier Solberg.

Avgrense innanlandsreiser

Blant dei andre reglane og tilrådingane som no gjeld er:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Unødvendige innanlandsreiser bør unngåast

* Nasjonal skjenkestopp ved midnatt

* Endå strengare reglar for testing for folk som kjem frå «raude land». Dei som kjem frå slike land, må vise fram ein negativ covid-19-test.

* Personar som verken har eige tilhald eller arbeids- eller oppdragsgivar i Noreg, må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden.

Det betyr mellom anna at slektningar som kjem på familiebesøk til Noreg, må opphalde seg på hotell i karantenetida og ikkje hos familien dei skal besøkje.

Fryktar for intensivkapasiteten

Statsministeren fryktar at intensivkapasiteten på sjukehusa vil bli sprengt. Dersom covid-19-pasientar tek opp for mange intensivplassar, vil det òg gå ut over kapasiteten til å tilby akutt helsehjelp til andre pasientar, påpeika ho.

– Viss vi ikkje klarer å bryte smittetrenden, vil reservekapasiteten for intensivbehandling vere belagt innan eit par månader, seier statsministeren.

Ho viser til utrekningar frå Helsedirektoratet som seier at vi vil sjå ein betydeleg auke i talet på pasientar som krev intensivbehandling dei næraste vekene. I slutten av november kan vi risikere at over 100 pasientar har behov for intensivbehandling for covid-19, påpeika ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsministeren varsla at politiet framover vil bruke meir ressursar på å følgje med på smitteverntiltak.

(©NPK)