Snart er det antakeleg slutt på å stille klokka mellom sommar- og normaltid.
Snart er det antakeleg slutt på å stille klokka mellom sommar- og normaltid.

Snart kan det bli slutt på å stille klokka

EU-kommisjonen meiner vekslinga må kuttast ut.

I dag bekrefta EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker at han ønskjer at alle i EU skal slutte å veksle mellom sommar- og normaltid.

Dette seier han med bakgrunn i ei stor undersøking der meir enn 80 prosent svarar at dei ikkje vil ha ordninga meir, skriv NRK. 

Artikkelen held fram under annonsen.

4.6 millionar europearar har svart på undersøkinga. EU vil stette ønsket deira. 

Vurderast i Noreg

Her i Noreg er det næringsdepartementet som har ansvaret for saka. Torbjørn Røe Isaksen (H) seier til NRK at det blir spennande å sjå kva EU-kommisjonen til slutt landar på når forslaget skal behandlast, og at næringsdepartementet skal gjennomgå saka sjølve snart.

– No må me òg vurdere det, då dette vil påvirke oss uansett. Noreg er avhengig av handel med andre EU-land, og det er generelt ein fordel for næringslivet at me har same tid som nabolanda våre, seier Isaksen, som forstår kvifor saka engasjerer.

– Det engasjerer både småbarnsforeldre, som meg sjølv, og folk som er spesielt opptekne av søvn. I tillegg har ein større ting, som produktiviteten i samfunnet. Det er mange meiningar om tradisjonen med å stille klokka.

I nokre europeiske land har dei stilt klokka fram og tilbake heilt sidan fyrste verdskrigen. Formålet var å spare energi.

Landa bestemmer sjølve

Viss endringa av ordninga går gjennom, vil lova frå 1996 der Noreg og alle EU-landa blei einige om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober forsvinne heilt. 

EU-kommisjonen opnar for at EU-landa sjølve kan bestemme om dei ønskjer sommartid heile året.

Forslaget seier at EU-landa skal slutte å stille klokka alt i 2019.