Foto: Foreningen les

Snart går startskotet for nynorsk leseaksjon

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon. I januar 2021 går startskotet for den sjette utgåva av leseaksjonen på 7. trinn i norsk skule.

– Tilbakemeldingane og responsen på Tid for ti frå både lærarar, elevar og bibliotekarar rundt omkring i Noreg har heile vegen vore veldig gode. Vi er stolte over at aksjonen har blitt så populær, og glade for at vi kvart skuleår kan tilby sjuandeklassingar i heile landet nynorsk kvalitetslitteratur, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen les, Ole Ivar Burås Storø, i ei pressemelding.

Den nye antologien kjem i januar 2021 og har eit opplag på 26.000. Organisasjonen kan fortelje at vi på boklista finn debutantar og meir etablerte forfattarar og illustratørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å få fram den breidda som finst blant nynorske bøker for barn og unge. I denne antologien er heile åtte bøker frå 2020, og det er utdrag frå romanar, illustrerte bøker, fakta, teikneserie og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier Burås Storø.

Tid for ti er ein leseaksjon for elevar på 7. trinn og blei etablert i 2015. Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreningen les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

(©NPK)