Statsminister Erna Solberg (H) gjorde greie for handteringa av koronapandemien i Stortinget måndag.Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Smittevernnivået på ungdomsskular og vidaregåande blir senka til gult

Tiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular frå onsdag, opplyser statsminister Erna Solberg (H).

Kommunar med høgt smittepress bør likevel vurdere å behalde raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular, og ved behov gå til raudt nivå òg i barnehagar og barneskular, sa Solberg då ho orienterte Stortinget måndag.

Regjeringa vil lette noko på fleire av tiltaka som vart innførte etter nyttår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er særleg å gjere kvardagen for barn og unge litt meir normal, sa Solberg.

Lokale avgjerder

Kommunane kan halde oppe raudt nivå denne veka dersom dei har behov for å førebu overgang til gult nivå eller for å vurdere om dei framleis skal liggje på raudt nivå.

Den lokale avgjerda er det smittevernstyresmaktene i kommunen som tek.

– Gult nivå er det tiltaksnivået skulane er best kjent med, men eg har forståing for at det kan vere krevjande å byte frå raudt til gult nivå. Nokre skular treng litt tid til å planleggje dette, og kommunar har behov for å vurdere nivået som er riktig opp mot den lokale smittesituasjonen. Eg håpar likevel at det kan vere ein lette for skulane å kunne gå tilbake til ein kvardag med færre avgrensingar, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Gult, ikkje grønt

Kommunane har likevel ikkje moglegheit til å setje tiltaksnivået lågare enn det nasjonale tiltaksnivået tilseier. Det vil seie at kommunar ikkje kan senke nivået til grønt.

Det overordna målet ved gult og raudt nivå er det same, og det er at elevar og tilsette har eit avgrensa tal kontaktar. På gult nivå kan heile skuleklassar ha undervisning saman. Dei kan òg ha fag der elevane blir blanda, men dette bør avgrensast så langt det er mogleg.