Smittetiltaka held fram til over påske

Tiltaka for å stoppe spreiinga av koronaviruset blir forlengde til 13. april. Samtidig ber regjeringa folk halde større avstand, både inne og ute.

Det betyr at skulane og barnehagane blir stengde til over påske. Det same gjeld dei andre smitteverntiltaka som vart innført 12. mars.

– Tiltaka ser ut til å bremse smitten, men vi treng meir tid for å sjå kva effekt dei har. Regjeringa har fastsett ein strategi for å avgrense smittespreiinga som inneber at kvar enkelt som er smitta maksimalt skal smitte éin annan person. Då vil helsevesenet ha kapasitet til å hjelpe alle som treng det, seier statsminister Erna Solberg (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho åtvarar mot å mjuke opp for tidleg og viser til at det skal lite til før epidemien blussar opp igjen.

Ber folk halde avstand

Samtidig blir tiltaka skjerpa for å avgrense den fysiske kontakten mellom folk.

I det offentlege rommet bør ein halde minst éin meters avstand til andre, sa helseminister Bent Høie (H) då han presenterte dei nye tiltaka på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Når ein er utandørs, bør ein heller ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe. Dette gjeld ikkje folk som er i familie eller bur saman.

Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre. Heller ikkje dette gjeld dei som er i familie eller bur saman.

Følgjer opp tilråding

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier nordmenn må førebu seg på heile 2020 blir annleis.

Målet hans er no å «slå ned» koronaepidemien i Noreg. Helsedirektoratet har derfor tilrådd regjeringa å halde fram med dei drastiske smitteverntiltaka, som statsministeren har kalla dei mest inngripande i fredstid i Noreg.

– I dag er målet vårt å slå ned koronaepidemien så langt vi kan, sa Guldvog på ei pressebrifing tidlegare tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det overordna målet er at kvar person som får koronaviruset i Noreg, i gjennomsnitt smittar færre enn éin ny person. Då vil smitten over tid gå tilbake.

– Det er eit krevjande mål å oppnå, men vi kan ikkje gi det opp i dag, sa Guldvog.

Oppdaterte scenario

Bakteppet er oppdaterte scenario frå Folkehelseinstituttet som viser at talet på smitta kan auke svært raskt viss Noreg lempar på tiltaka no.

– Dei neste vekene blir utfordrande for alle, men viss vi lykkast, vil vi kunne lette på tiltaka om nokre veker og sakte, men sikkert vende tilbake til normalen, sa Guldvog.

Håpet hans er at dei første justeringane kan komme etter påske.