Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det er viktig å auka investeringsstøtta til små og mellomstore mjølkebruk for å ta vare på desse bruka.Illustrasjonsfoto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Småbrukarlaget krev meir støtte til mindre mjølkebruk

Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det er viktig å auka investeringsstøtta til små og mellomstore mjølkebruk for å hindra at fleire slike bruk blir lagt ned.

– No er vi på overtid om vi skal få til ei skikkeleg satsing på dei minste mjølkebruka før det er for seint, seier leiar Kjersti Hoff i Småbrukarlaget til Nationen.

Ho er skuffa over at forslaget til statsbudsjett ikkje har sett av pengar til dette, trass i at organisasjonen gong på gong har peikt på behovet for å auka denne støtta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hoff meiner auka investeringsstøtte til mindre små og mellomstore mjølkebruk er spesielt viktig med tanke på det nye kravet om lausdriftsfjøs som blir innført frå 2034.

(©NPK)