Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB / NPK

Slik reduserer du brannfaren i jula

Hugs å tenkje branntryggleik når du pyntar til jul.

Auka bruk av levande lys gjer også at brannfaren aukar i jula. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har difor engasjert RISE Fire Research til å undersøkje brannfaren knytt til bruk av levande lys.

Forskinga inkluderte både demonstrasjonar og eksperiment og fokuserte på temperaturutviklinga i grupper av telys og ulike typar juledekorasjonar. Basert på funna gir DSB desse råda for ei god og branntrygg jul:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Hald minst 10 cm avstand (eller det produsenten tilrår) mellom alle telys.

* Bruk stødige lysestakar for å redusere risikoen for at dei veltar.

* Gå aldri frå levande lys. Kanskje katten eller barnet veltar det, eller trekken blæs ein serviett på lyset.

* Byt til LED-lys: Eit tryggare og like stemningsfullt alternativ til levande lys.

* Byt ut brennbar pynt med til dømes stein, glas eller keramikk.

* Test, og eventuelt byt batteri i røykvarslarane. Sørg for at røykvarslaren ikkje har gått ut på dato.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK