Tenker nytt: I Fyresdal har dei tilsett tre legar i nordsjøturnus. — Det gjev auka kostnader, men eit langt betre tilbod, seier avdelingsleiar for helse Anne Veum (t.h.). Her er ho saman med kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus (t.v.) og fastlege i «nordsjøturnus» Joakim Bergh.

Slik løyste dei legekrisa i Fyresdal

I mange år sleit dei med å rekruttere legar i Fyresdal. Med ny turnusordning har dei nå tilgjengeleg lege heile døgnet.

– Fyresdal hadde i mange år ustabil legedekning. Det var mykje bruk av vikarar og lite kontinuitet, fortel Karin Kristin Østerhus.

Ho starta å jobbe som kommuneoverlege i Fyresdal i 2020. Det er to legeheimlar i kommunen, men i lengre periodar var Østerhus aleine som lege. Å rekruttere nye legar var vanskeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Var aleine: I periodar var Karin Kristin Østerhus aleine som lege i Fyresdal. — Nå har eg fått stabile kollegaer og eit fagmiljø, seier ho.

Fekk ikkje tak i folk

I lang tid nytta dei seg av vikarlegar. Dei lyste ut ei legestilling fire gonger utan å få tilsett nokon.

– Då starta me å tenkje på at me måtte rekruttere på nye måtar, fortel Anne Veum som er avdelingsleiar for helseavdelinga i Fyresdal.

Dei hadde høyrt om andre kommunar som hadde tilsett legar i «nordsjøturnus», og begynte å undersøke. Kjell Pedersen Rise, som var assisterande rådmann på den tida, tente også på ideen, og fekk fart på prosessen.

– Det var to ting som var viktig for oss. Me skulle fyrst og fremst sørgje for å få på plass ei stabil fastlegedekning. I tillegg ynskte me å få legevakt i eiga bygd, seier Veum.

Tidlegare hadde dei legevakt i Arendal, 14 mil unna. Både pasientar og legane opplevde reisevegen som belastande, og frå turnuslegane fekk dei høyre at den lange avstanden mellom legekontor og legevakt gjorde det lite attraktivt å jobbe i kommunen. Fyresdal var ofte sistevalet for dei som skulle velje seg turnusteneste.

Legekontoret i Fyresdal: I mange år var det ustabil legedekning i Fyresdal. – Det var eit eventyr at me fekk Karin. Det redda oss. Me kunne ikkje klart dette utan henne, seier Anne Veum, avdelingsleiar for helse.

28 søkjarar

Veum og Østerhus starta arbeidet med å lage modellar for korleis ein kunne organisere legetenestene på ein ny måte. Ordninga med legar i «nordsjøturnus» var prøva ut fleire andre stader. For arbeidsgruppa i Fyresdal var det nyttig med innspel frå desse kommunane, men ordninga måtte bli tilpassa lokale forholda i Fyresdal.

– Det var mykje å tenke på, seier Veum som sjølv har erfaring med arbeid på legevakt.

Saman med Østerhus la ho fram to ulike modellar for politikarane i Fyresdal. I juni 2021 vedtok eit einstemmig kommunestyre å prøve ut eit treårig prosjekt der ein skulle etablere ei turnusordning med tre legar som saman skulle syte for kontinuerleg fastlegedekning, og samstundes ha lokal legevakt i kommunen. Legane skulle arbeide to veker i strekk, og så ha fri dei fire neste. Kommuneoverlegen skulle halde fram med ordinær arbeidstid, og på det viset sørgje for kontinuiteten på legekontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då stillingane med nordsjøturnus vart lyst ut hausten 2022 var responsen stor. Tidlegare hadde dei ikkje fått nokon søkjarar. Nå var det 28 personar som søkte på stillingane.

– Det var ein ny og uvant situasjon, fortel kommuneoverlegen.

Dei kalla inn 14 søkjarar til speedintervju, og valde ut 8 som vart med i neste intervjurunde.

– Det var veldig gode kandidatar, fortel Veum.

I utveljinga var dei opptekne av å ha tre legar med likt fagleg syn, som kunne samarbeide godt, og overlappe kvarandre på ein god måte. I april starta dei tre legane i «nordsjøturnus» opp, og førre veke hadde dei evaluering av ordninga.

Gode tilbakemeldingar

Joakim Bergh er ein av dei tilsette legane. Meir tid til familien var avgjerande for at den nyutdanna legen frå Stavanger søkte på jobben i Fyresdal. Han har nyleg blitt far og set pris på å kunne vere mykje saman med den fire månader gamle sonen. Nå som kona er i permisjon er heile familien i Fyresdal dei vekene han jobbar.

Er fornøgd: Joakim Bergh er ein av dei tre legane som nå er tilgjengeleg 24/7 i Fyresdal. Friperiodane blir bruka på familie, trening og fotball.

Bergh var turnuslege i Fyresdal då dei planla den nye arbeidsmodellen.

– Eg treivst godt her og gav beskjed om at eg gjerne ville ha eit hint om det vart noko av ordninga, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

På dagtid tek legane imot pasientar på det lokale legekontoret. Etter stengetid er det ofte administrative oppgåver å ta tak i, det er epikriser som skal lesast og lab-svar som skal følgjast opp.

– Me prøver å få tømt arbeidslista før me går av, fortel legen.

På kveld- og nattetid har legane vakt. For at dei ikkje skal vere heilt aleine er legevaktkontoret på Fyresdal omsorgssenter. Bergh fortel at det i snitt har vore ein til to pasientar på kveldstid, og litt fleire i feriane, men det er sjeldan dei blir kontakta på natta.

Fyresdal har framleis eit samarbeid med legevakta i Arendal. Dersom ein treng tilsyn av lege på kveld eller natt må ein ringe nummeret til legevakta. Så er det dei som silar og tek kontakt med legen i Fyresdal, om dei meiner det er nødvendig med konsultasjon. Det er skader og akutte medisinske tilstandar som ikkje kan vente til neste dag, som skal til legevakt.

– Innbyggjarane må hugse at det er legevakt for alle, men ikkje for alt, seier Veum og nemner sjukemeldingar, reseptfornyingar og lettare forkjølingar som døme på tilstandar som ikkje skal på legevakt.

Ifølgje avtaleverk skal legane ha 28 timar fri i løpet av ein 7 dagars arbeidsperiode. Dette løyser kommunen med at turnuslegen har ansvar for legevakt kvar tysdag. Då har kommuneoverlegen bakvakt.

Legane som arbeider i Fyresdal har også blitt med i ALIS-programmet, eit utdanningsløp for legar som spesialiserer seg i allmennmedisin. På den måten bidreg legekontoret i Fyresdal til at tre legar nå får spesialisering.

Den ferske legen fortel om gode tilbakemeldingar frå pasientane i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er fornøgde med å ha stabil legedekning og er også glade for å ha fått legevakt i bygda, seier han.

Positivt for samarbeidande instansar

I planlegginga av den nye ordninga har heile helseavdelinga blitt involvert, og fått kome med innspel. Veum meiner det har vore viktig for at alle skal få eit eigarforhold til den nye ordninga.

Ho vektlegg at ei stabil legedekning også er viktig for samarbeidande instansar. I evalueringa har derfor samarbeidspartar kome med innspel.

Legevakt på omsorgssenteret: Sjukepleiarane Janne Hagen (t.v.) og Kamilla Mathea Mogstad er veldig fornøgde med å ha fått legevakt i heimbygda.

Janne Hagen er sjukepleiar på pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal, og set stor pris på å ha tilgjengeleg lege i kommunen heile døgnet. På kveld og natt er det oftast berre ein sjukepleiar på vakt. Å vite at ein har ein lege i bygda som ein kan konferere med, og som også kan kome til omsorgssenteret, betyr mykje.

– Det kjennest utruleg trygt, seier ho.

Hagen trur tryggleiken den lokal legevakta gjev også kan gjere det enklare å behalde og rekruttere sjukepleiarar i kommunen.

Dei som har ansvar for beredskap i Fyresdal set også pris på den nye ordninga.

– At me har tilgang på lege døgnet rundt er veldig bra for oss, seier Jan Tore Berve som er stasjonsleiar ved Fyresdal ambulanseteneste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bra for beredskapen: Jan Tore Berve er stasjonsleiar for ambulansetenesta i Fyresdal og er glad for å ha lokal legevaktteneste i bygda.

Ordninga vil bli dyrare

Mona Landsverk er kommunalsjef for helse og omsorg i Fyresdal. Ho fortel at Fyresdal har fått tilskot frå Helsedirektoratet over ei tilskotsordning for å styrke legevakttenesta i små kommunar.

– Det kjem godt med nå i oppstartsåret, seier ho.

Kommunalsjefen er klar på at ordninga vil bli dyrare enn den som var før.

– Det er ei auke frå ein til tre fastlegestillingar, men samstundes får me veldig mykje igjen i kvalitet og stabilitet. Me slepp å bruke vikarbyrå, og det er ein skikkeleg bonus å få legevakt i bygda, seier ho.

Tidlegare har Fyresdal hatt utgifter på ein million til legevaktsamarbeidet i Arendal. Frå neste år reknar dei med at rekninga på samarbeidet i Arendal vil bli redusert til rundt hundre tusen.

I tillegg ser dei alt etter fem månader at inntektene til legekontoret har auka. Det har kome til hundre nye pasientar på listene til «nordsjølegane». Innbyggjarar i Fyresdal har søkt seg tilbake til det lokale kontoret, og det er også pasientar frå andre kommunar som har søkt om fastlege i Fyresdal. Det gjev auka refusjonsinntekter til kommunen.

– Dette er ei ordning som me høyrer at mange er fornøgde med. Det er me veldig glade for, seier kommunalsjefen.

Ho meiner det er viktig å evaluere undervegs og fortel at dei skal ha ei større evaluering i 2025.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile avdelinga har vore med: Avdelingsleiar Anne Veum fortel at alle på helseavdelinga har vore involvert i prosessen og kome med verdifulle innspel. Ho trur det har vore avgjerande for å lykkast med prosjektet. Framme f.v. Anne Veum (avdelingsleiar), Karin Kristin Østerhus (kommuneoverlege), Ragnhild Bjorheim (sjukepleiar) og Trine Skålid (sjukepleiar). Bak f.v. Joakim Bergh (fastlege) og Åsne Gro Sandvik (fagansvarleg for psykisk helse og rus)