Endeleg: Knut Arne Lid har lagt ned tallause dugnadstimar i løypenettet gjennom tjue år. Nå kan han og dei andre skutereldsjelene sjå fram til ei rullering der det truleg vert lagt opp til at dei får innfridd fleire av ønska på lista si. Eitt av dei er grøne soner slik at dei som bur ved løypa kan køyre rett innpå.
Åshild Emma Solbjør
Skuterforskrifta skal rullerast. – Veldig bra, køyr på
Grøne soner for påkøyring og eigne område for frikøyring er blant døma som vart nemnd når administrasjonen bad politikarane om å få setje i gang med å rullere den snart ti år gamle forskrifta for fritidskøyring med snøskuter.
Det har vore skuterløypenett i Vinje i over tjue år, og sidan 2016 har bruken av dette vore regulert gjennom ei eiga forskrift. Den har blitt rullert og justert før, men ein ny gjennomgang kan gjere den endå betre, meiner administrasjonen.
Det var politikarane i plan- og miljøutvalet (PMU) heilt samde i.
– Veldig bra, køyr på, sa Ane Killingtveit (Sp).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP