Travle nybegynnarar: Dei fjorten fyrsteklassingane i Åmot er i farta i friminuttet, men nokre av dei har tid til å stå stille litegranne, f.v. Oda Rugli, Sigrunn Årlid Aasen, Åmund Øien-Sudbø, Eira Kaasa Barstad og Tiril Ringhus Bjåen.
Åshild Emma Solbjør
Skulestart med raud løpar, fine fiskar – og bratte trapper
Måndag var det aller fyrste skuledag for 146 unge vesttelar. I Åmot var den raude løparen rulla ut for dei fjorten fyrsteklassingane – men der kan ein ikkje stå og posere allverdas lenge.
– Kan me spele fotball nå? spør Åmund, og får eit smilande nikk frå lærar Anja Rinden. Vipps så forsvinn han og resten av femkløveret som nettopp var eit smilande fleirhoda troll på den raude løparen.
Dei vaksne har førebudd seg grundig, og oppstarten for dei minste på Åmot skule har vore veldig positiv, fortel Rinden.
– Det er moro at dei er så klare for å starte.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP