Fiktiv rettsak: Elevane fekk prøve seg som dommar, meddommar, tiltalt, aktor, forsvarer, bistandsadvokat, vitne og journalist. I midten: dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem.

Skuleelevar besøkte domstolane i Kviteseid

10.-klassingane i Kviteseid var fredag på besøk i Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark jordskifterett.

Det var ein gjeng med engasjerte elevar som fekk høyre om korleis ein kan utdanne seg til ulike typar jurist, jordskiftedommar og ingeniør.

Dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem fortalde om korleis ein kan utdanne seg til å bli dommar, og synte fram andre jobbmoglegheiter for ein jurist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho bestemte seg for å bli jurist på vidaregåande då ho hadde rettslære som valfag, og såg kor mykje forskjellig ein kan jobbe med, og kor viktig det er med rettferd. Juss-studiet er eit krevjande studium som krev mykje eige arbeid, og med eit høgt karakterpress. Jobben som dommar skildrar ho som veldig givande og nyttig.

Jordskiftedommar Svein Dag Midtsund fortalde at han hadde sett ein brosjyre for jordskifteutdanninga som ung gut, og blitt inspirert til å studere noko som kombinerte så mange spennande fag som juss, matematikk, kart og ikkje minst friluftsliv. Han viser til at det er mange interessante saker han kjem borti som dommar, og at alle dagar er forskjellige.

Vidare fekk elevane prøve seg i ei fiktiv rettssak med ein tiltale som gjekk på brot på vegtrafikkloven. Den tiltalte i saka hadde køyrt snøskuter etter at han hadde drukke alkohol, og han hadde heller ikkje løyve til å køyre der. Alle elevane fekk prøve seg i kvar sin rolle som dommar, meddommar, tiltalt, aktor, forsvarer, bistandsadvokat, vitne og journalist frå VTB.

Dei fekk også høyre om den stolte historia til Vest-Telemark tingrett som går heilt tilbake til 1591 i Lårdal, før den vart flytta til Kviteseid i 1723.

I jordskifteretten fekk elevane høyre om ei reell jordskiftesak i området ved den nye tunnelen på Gvammen. Vegvesenet hadde kravd jordskifte på grunn av den nye vegen, og jordskifteretten måtte difor fjerne alt av grenser og dele opp området på nytt.

I jordskifteretten: Jordskiftedommar Svein Dag Midtsund fortalde om kvardagen i domstolen.

Ingeniørane Bjørgulf Ruud og Rikard Berge fortalde om verktøya dei nyttar for å måle opp området og setje grenser. Midtsund understreka kor viktig det var for dei å få til eit godt resultat for folk, og at dei skal vere ein konfliktløysar.