Juli har så langt vore skuffande for nordmenn ivrige på noregsferie. Håpet om betre forhold dei neste vekene er knapt. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Skiftande vêr òg gjennom helga

Helga kan bli skuffande for nordmenn som håpar på eit gjensyn med varme solfylte dagar. Men temperaturane kan byrje å klatre ved slutten av veka.

– Den kalde lufta frå nordvest gjer at det held seg kaldt framover, men ho gir seg litt utover helga og i starten av neste veke, seier statsmeteorolog Rannveig Oftedal Eikill til NTB.

Men eit ustabilt sommarvêr gjer at regnbyer må ventast mange stader i landet i dagane framover. Det vekslande vêret gjer det òg vanskeleg å spå når byene slår til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikill understrekar at dei som vil satse på ei utehelg med toppturar, dermed må passe på å kle seg etter ulike typar vêr.

– Sjølv om det ikkje regnar når ein dreg, er det viktig å ha med seg klede for alle høve og følgje med på vêrmeldinga, seier ho.

Områda i Nord-Noreg som dei siste dagane har vore prega av grått og vått vêr, vil få fleire periodar med opphald og høgare temperaturar når nedbørsfeltet trekkjer sørover.

Dermed kan områda rundt Trøndelag vente meir regn i dagane framover, til sola kikar fram i litt lengre periodar søndag.

Men søndag vil eit nedbørsfelt frå sør byrje å krype nordover. Dette vil ramme dei sørlege, austlege og vestlege delane av Noreg.

– Temperaturane vil halde seg ganske like sør i Noreg, men det blir kanskje litt varmare, seier Eikill.

(©NPK)