Skapte sin eigen møteplass. – Det er gull verdt
I den gamle barnehagen i Lårdal har ei uformell sygruppe blitt mykje meir enn eit handarbeidsfellesskap. Det som starta med eit ønske om å sy festdrakt, har utvikla seg til ein open og lågterskel møteplass der folk i alle aldrar kan koma og dele kunnskap, latter og kaffipausar – med eller utan nål og tråd.
– Eg hadde lyst til å sy meg ei festdrakt, seier Tone Kristine Auestad.
Ho nemnde det for venninna Hilde Storli, som sat med same ynske. Dei fekk med seg Anne Karen Lundeberg, og etter kvart kom fleire til. I september 2024 møttest dei for fyrste gong til sytreff på grendehuset i Lårdal.
I dag held dei til i den gamle barnehagen i øvre Lårdal. Eit hus som hadde stått tomt i fleire år. Dei tok kontakt med kommunen og fekk låne huset gratis, mot at dei kan pakke raskt saman dersom kommunen får bruk for det.
– Det er ein vinn-vinn-situasjon, for huset blir sett etter, seier Marianne Støyle.
Lågterskel
Intensjonen heilt frå starten var at dette skulle vere eit lågterskeltilbod. Hilde Storli fortel at dei bevisst la lista lågt, både når det gjaldt nivå og forventningar.
– Me byrja med å sy enkle og lette ting, slik at dei som ikkje hadde så mykje erfaring, kunne få lyst til å vere med. Me tona ned festdraktproduksjonen, og det kjem stadig nybyrjarar hit, seier ho.
Frå å vere 11 i starten, er dei no 29 i gruppa. Aktiviteten er eit privat initiativ, men samsaum-helgene blir annonserte på Facebook-sida til Lårdal Vel.
– Det er slik i Lårdal at viss du vil ha eit tilbod, så må du ordne det sjølv, smiler Tone Kristine.
Sydamene møtest nokre helger i året til felles samsaum, elles treffest dei «når det passar». Det kan vere på kort varsel, og ein kan òg kome og sy aleine om ein vil.
– Me har ein chat der me skriv når me tenker å reise hit, og så er det ofte fleire som slenger seg med, fortel dei.
Eit pauserom
Denne sundagen er 13 damer samla, i alderen 20 til 80 år. Nokre er svært aktive og er med nesten kvar gong, andre kjem meir sporadisk. Nokon er uføre, nokon er i jobb, andre er pensjonistar. Felles for dei er ønsket om ein stad å møtast.
– Det å ikkje vere i jobb, når ein er vant til det, kan vere uvant. Då er det veldig godt å ha noko å gå til, seier Tone Kristine.
Her er alle velkomne, også dei som ikkje vil drive med handarbeid. Nokre stikk berre innom for det sosiale. Praten går om alt mellom himmel og jord, men verdsproblema lar dei vere å løyse, fortel dei.
– Det er eit lite pauserom, og me tek mange pausar også, smiler dei.
Det som blir laga, spenner vidt, frå bunader og festdrakter til vesker, wonderbagar, bunadsskjorter, små nett og kleenex-behaldarar. Mange er opptekne av gjenbruk og redesign.
– Det blei eit skjørt av ei bukse ingen ville ha, seier Marianne, og legg til at ho neppe hadde gjort det heime utan hjelp. Her er det alltid nokon som kan hjelpe, fortel ho.
Hilde si festdrakt er sydd av gamle gardiner, og ho understrekar at det ikkje treng å koste mykje å sy. Ho og fleire har også delt overskotslageret sitt av stoff med gruppa, som det berre er å forsyne seg av.
– Det går berre i stoff og fyll her, seier Anne Karen med glimt i auga, til latter frå dei andre.
Lærer av kvarandre
Kunnskap blir delt på tvers av erfaring.
– Me er på kvart vårt nivå, og så lærer me av kvarandre, seier Tone Kristine.
Fleire peikar på kor verdifullt det er å vere fleire når ein syr klede, særleg når plagga skal tilpassast.
– Det er gull verdt å vere fleire. Det er ikkje lett å tilpasse på seg sjølv, seier dei.
Mange av dei som er med i gruppa, er tilflyttarar til bygda.
– Dette er ein arena der ein kan koma og bli kjent og bygge nettverk, seier Hilde.
Den låge terskelen har slått til, meiner dei.
– Ein treng ikkje ein gong sy. Ein kan strikke, eller berre kome innom for å prate, seier Liv Straume.
Ho fortel at miljøet er både triveleg og lærerikt.
– Me har det veldig kjekt saman, og så er det moro å lære. Eg hadde aldri våga meg ut på prosjektet med festdrakt om eg ikkje visste at eg hadde desse kunnskapsrike damene rundt meg. Du verda så mykje god hjelp eg har fått, smiler ho.
Den yngste som er med denne sundagen, er Ina Støyle på 20 år, som er med for fyrste gong. Ho studerer til vanleg i Porsgrunn, men er heime på besøk.
– Mamma har snakka varmt om det, og så bur eg i eit kollektiv der fleire strikkar eller heklar. Ein blir litt dratt inn i det, smiler ho.
Ina seier det verka trygt og greitt å få teste seg litt, og å vite at det er hjelp å få. No er ho i gang med å sy ei veske, og trur gjerne dette er noko ho vil halde fram med.
– Det må øvast, men det er veldig gøy. Det er gøy å bruke hendene, og så er det ekstra gøy viss det blir fint, smiler ho.
– Gull verdt
For fleire betyr dette tilbodet mykje. Signe Kvålo set pris på at ho kan koma og gå akkurat som det passar, heilt utan press.
– Her er det ingen sjefar, alle har same verdi. Det er heilt fantastisk. Eg sit mykje aleine, og når eg har lyst på noko sosialt, går eg hit. Som regel er det nokon her. Det er gull verdt, seier ho.
For Ellen Heimdal handla det i utgangspunktet mest om det sosiale.
– Symaskina hadde dørstokkmil, men ikkje eg, seier ho lattermildt.
Ho fortel at ho fyrst kom for kaffi og prat. Så prøvde ho seg på eit nett, og sidan har det blitt 18. Forkle og toalettvesker har det også blitt.
– Ser eg at det er lys her, eller høyrer at dei skal vere her, så stikk eg som regel innom, seier ho.
For framtida håpar sydamene fyrst og fremst at dei får halde fram med å møtast i den gamle barnehagen.
– Me håpar me får behalde dette så lenge som mogleg, seier Hilde.
– Og kanskje arrangere fleire kurs, legg Tone Kristine til.
Med rausheit og rom for både læring og latter har sydamene i Lårdal skapt eit fellesskap der ein kan koma akkurat som ein er.
– Her er alle velkomne, avsluttar dei.