Då nærare 400 personar samla seg til andredagsfest på samfunnshuset i Fyresdal baud det på ei rekkje utfordringar for politiet.
Då nærare 400 personar samla seg til andredagsfest på samfunnshuset i Fyresdal baud det på ei rekkje utfordringar for politiet.

Skalling, steling og surr på jolefest

Det var fest på samfunnshuset i Fyresdal sentrum andredag jol, og politiet fekk nok å gjera. Fleire lokale heltar hadde vanskeleg for å oppføre seg.

På førehand var det meldt at det skulle vera mellom 350 og 400 deltakarar, og politiet møtte opp mannssterke.

Som på jolefestar flest var det nokre avvik frå vanleg sosial protokoll og etikette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det heile starta med at sjåføren av ein bil med tre personar like etter klokka 21.00 bestemte at det ikkje var aktuelt å stoppe i rutinekontroll. Vedkomande stakk heller frå staden.

Turen deira blei ikkje lang, då bilen køyrte av vegen om lag ved Grunnviksbukta nord i Fyresvatn.

Dei tre personane la så på sprang frå bilen, og politiet jobbar nå med å kome i kontakt med sjåfør og passasjerar, opplyser Vinje lensmannskontor, ved etterforskingsleiar Bård Teigen.

Skalla ned nittenåring

Då festen begynte å gå mot slutten inne på samfunnshuset, begynte ting å bli stygge.

Om lag 02.30 blei ei 19 år gamal jente skalla ned utan varsel. Fleire vitne såg hendinga. Klokka 04.24 meldte politiet at dei hadde pågripe gjerningspersonen og køyrd han til arresten.

– Det var ein kar i tjugeåra som skalla ho ned, og han blei så pågripen av politiet. Han sit no i arrest og er meldt for kroppskrenking og ordensforstyrring.

Saka er under etterforsking, opplyser Vinje lensmannskontor. Dei fortel at dei ikkje har vore i kontakt med den aktuelle jenta enno, så skadeomfanget er ikkje kjent.

Ville stele bilskiltet

Medan det storma som verst inne på samfunnshuset fekk ei lokal dame i 40-åra fleire pålegg om å forsvinne frå staden, då ho gong etter gong prøvde å sabotere for politiet sitt arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho blei beden om å forlate samfunnshuset fire gonger. Til slutt tok ho endeleg imot beskjeden, fortel politiet.

Tjugefem minuttar etter nedskallinga, 02.55, blei to nittenåringar, ein gut og ei jente, tekne på fersken medan dei prøvde å knekke av og stele skiltet på politibilen som var på staden.

– Dei blei tekne av patruljen som eigde bilen, og erkjente forholda i avhøyret der og då. Dei kan vente seg ei god bot, seier politiet.

Grunnen til at politiet var så godt representerte i Fyresdal onsdag kveld var rett og slett berre fordi dei visste det ville bli fullt på andredagsfesten, fortel politiet.