Kviteseid barnehage: – Dette er gamle bygg som treng eit lyft. Det vil også gje dei tilsette betre arbeidsforhold, seier ordføraren.

Skal oppgradere barnehage og barneskule – set av midlar til planlegging og prosjektering

Kommunestyret i Kviteseid har vedtatt å oppgradere barnehagen og barneskulen i Kviteseid med ei budsjettramme på 16 millionar. Kommunestyret vedtok sist veke å sette av 300 000 til planlegging og prosjektering.

– Me har eit overordna mål om fleire barnehageplassar i kommunen. Nå er det viktig å få ein god prosess slik at me kan få dei beste løysingane for dei pengane me har, seier ordførar Bjørn Nordskog (Sp).

Han fortel at det er ei byggenemnd som skal jobbe med å planlegge oppgraderinga av barnehagen. Nemnda hadde planleggingsmøte saman med administrasjonen for skule/barnehage og teknisk etat i januar. Det kom då fram at ein ikkje kan bruke småskulen og barnehage i byggeperioden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byggenemnda vil nå i gang med ein prosess for å finne gode alternative løysingar for barnehage- og skuledrift i denne perioden. Ved å ha ein kort og intensiv byggeperiode, og bruke sommarferien til oppgraderinga, vil perioden ein må vekk frå skule og barnehage bli kortare.

Byggenemnda håpar at prosjektet blir utlyst i september/oktober og at oppdraget blir tildelt i desember 2023. Dei ser føre seg bygging i perioden april til september 2024.