Skal fylle opp halvannan meter til
Arbeidet med å fylle ut den kommunale tomta Hauglandsmyri i Brunkeberg har stoppa opp. Det er i hovudsak for å spara Ordalsvegen i vårløysinga.
Det var ABT anlegg og utleige som fekk arbeidet med å fylle ut det kommunale næringsarealet Hauglandsmyri i Brunkeberg. Ifylgje proff.no eig Bjørn Tore Andersen firmaet saman med Johannes Slåttun. Måndag var det oppgravne området meir å likne med ei tjønn.
– Kor djup er «tjønna»?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er fylt opp med stein til like under vasspegelen, opplyser Slåttun, og legg til at det skal fyllast ytterlegare mellom ein og halvannan meter opp.
Ventar på at det tørkar opp
Men no har arbeidet delvis stoppa opp. Det er gjort i samråd med kommunen, hovudsakleg for å spare Ordalsvegen i den verste vårløysinga, forklarar Bjørn Tore Andersen.
– Me avventar det vidare arbeidet til det har tørka opp, seier han, og fortel at vasstanden i «tjønna» alt tysdag er betraktleg lågare.
Firmaet ABT anlegg og utleige kjøper steinen av Vest-Telemark Pukkverk AS som hentar massa frå eit areal som ligg mellom Renovest og Scania, og som i 2019 blei selt frå Kviteseid kommune til Morgedal Eigendom AS for 50 000 kroner. Bjørn Tore Andersen er styreleiar både i Vest-Telemark Pukkverk AS og ABT anlegg og utleige.
Mellom to og fire meter oppfylling
På spørsmål om kor djupt det er fylt etter at lausmassane vart fjerna, svarar Andersen at det har variert mellom to og fire meter.
Av kontrakten mellom ABT anlegg og utleige og Kviteseid kommune går det fram at entreprenøren skal skifte ut massar på den kring 11 dekar store tomta, med at dei skal ta ut lausmassar til kring ein meter under terreng i gjennomsnitt, og at det skal fyllast opp til kring halvannan meter over uttraua nivå. I tillegg skal bekken som går gjennom tomta plastrast med sprengstein.
Hauglandsmyri
Hausten 2023 kjøpte Kviteseid kommune det elleve dekar store området i Brunkeberg for 220 000 kroner.
Kommunen har sett av to millionar kroner for å etablere næringsarealet.
Verksemda ABT anlegg og utleige, ved Bjørn Tore Andersen, vann anbodskonkurransen om oppdraget og er i gang med å fjerne torv og lausmassar og fylle tomta med stein.
Området er rekna som fulldyrka mark og har, ifylgje landbruksrådgjevaren i kommunen, vore nytta som landbruksareal fram til nyare tid. Han opplyste også til VTB at Hauglandsmyri er drenert med avskjeringsgrøfter og vegar på alle kantar.
Hittil er det ingen konkrete førespurnadar om etablering.
(Kjelde: vtb.no)