Blir ny: Den øvste av svingane i kleivane i Eidsborgberget, Ravnejuvsvingen, blir ny. Arbeidet er svært omfattande, melder Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Skal bygge ny Ravnejuvsving – arbeidet byrjar etter påske

I haust vart vegen mellom Dalen og Høydalsmo stengt då det vart oppdaga setningar i vegen ved Ravnejuvsvingen – den øvste av dei skarpe svingane i kleivane i Eidsborgberget. Nå har fylkeskommunen bestemt at dei skal lage heilt ny sving lenger inn i berget.

Arbeidet er både krevjande og svært omfattande, melder Vestfold og Telemark fylkeskommune i eit presseskriv.

Ravnejuvsvingen er den øvste av svingane i kleivane i Eidsborgberget. Svingen er bygd opp på ei fylling som blir støtta av ein svært gammal steinmur som er bygd med handkraft. Den gamle muren er opp til tretten meter høg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då setningsskadane vart oppdaga i september vart vegen heilt stengt, men etter nokre veker vart den open i eitt felt gjennom svingen. Det er den nå også, og i oktober meldte fylkeskommunen at dei vurderte kva som var den beste løysinga i svingen – å forsterke den eksisterande muren eller bygge ny mur.

Løysinga som er vald blir å sprenge seg inn i fjellet både før og etter dagens sving slik at det blir ein heilt ny sving lenger inn i fjellet. Til erstatning for den gamle muren vil det nå bli støypt ein knapt fem meter høg mur i betong. Muren vil bli plassert på ei vassrett betongplate som blir festa med kraftige boltar til fjellet.

Krevjande: Terrenget i Eidsborgberget er både bratt og krevjande, og arbeidet med å fornye Ravnejuvsvingen blir svært omfattande, melder fylkeskommunen.

Må stenge heilt i periodar

– Dessverre blir det naudsynt å stenge vegen heilt for trafikk i periodar. Dette gjeld mellom anna når me skal sprenge både på oppsida og nedsida av dagens sving, fortel prosjektleiar Ståle Singstad i fylkeskommunen.

Dei ekstraordinære opningsperiodane vil bli bestemde saman med entreprenøren. I desse periodane vil vegen vera open for person- og varebilar inntil 3,5 tonn totalvekt mellom klokka 07.30 og 08.30 på morgonen i tillegg til mellom 15.00 og 16.00.

Fylkeskommunen har sjølv prosjektert arbeidet og laga byggeteikningar for prosjektet.

– Me ønsker at entreprenøren som skal utføre arbeidet, strevar etter å halda vegen delvis open morgon og ettermiddag i dei periodane det er forsvarleg og praktisk mogleg, seier fylkeskommunen i pressemeldinga.

Dei forventar at arbeidet byrjar etter påske og held fram til november. I vekene 28, 29 og 30 skal vegen vera open i to felt, men det vil vere stengt for all trafikk både før og etter sommarferievekene.

– Av omsyn til både trafikantane og til dei som skal arbeida på vegen, er det ikkje forsvarleg å halda vegen open heile anleggstida, melder fylkeskommunen.