Sjukefråværet held fram å auke

Tal frå Nav viser at sjukefråværet har auka gradvis sidan 2019. I tredje kvartal var det legemeldesjukefråværet i Vestfold og Telemark 5,1 prosent.

Dermed er sjukefråværet i fylket vårt litt høgare enn snittet for heile landet som var på 4,8 prosent.

– Sjukefråværet har ikkje gått ned etter pandemien, men held fram å auke. Med auka sjukefråvær blir førebyggande tiltak ekstra viktige, seier Marit Gogstad som er avdelingsdirektør ved Nav Arbeid og helse i Vestfold og Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om me ser nærare på kommunane i Vest-Telemark har nokre høgare sjukefråvær nå enn før pandemien, men ikkje alle. I Seljord låg sjukefråværet i 3. kvartal 2019 på 4,5 prosent, nå er det 4,4, Tokke har fått frå 3,4 til 3,3, medan Kviteseid står på staden kvil med 3,9 prosent sjukefråvær då og nå.

I dei andre kommunane har det gått litt opp – i Nissedal frå 3,8 til 4,3, i Fyresdal frå 3,5 til 4,2 og i Vinje frå 3,7 til 4,6 prosent.

Tala viser også at det er ulike diagnosar hos dei eldre og dei yngre arbeidstakarane. Medan psykiske lidingar var årsak til mesteparten av sjukefråværet for dei under 30 år, var muskel- og skjelettlidingar årsaka til mesteparten av sjukefråværet for dei over 50.