I ei undersøking svarar 68 prosent at dei ikkje kjøper fyrverkeri i år. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK

Sju av ti droppar fyrverkeri

Det blir truleg mindre fyrverker på nattehimmelen nyttårsaftan enn før.

Nordmenn strammar inn på nyttårsfesten: 13 prosent vil kjøpe mindre fyrverkeri enn dei vanlegvis gjer. Det viser ei landsomfattande spørjeundersøking YouGov har gjennomført for forsikringsselskapet If.

16 prosent vil handle inn like mykje fyrverkeri som før, medan 3 prosent oppgir at dei vil kjøpe meir. 68 prosent kjøper ikkje fyrverkeri, ifølgje undersøkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrverkeri er gøyalt å sjå på, men tenk også på tryggleiken. Hugs vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri, og hald god avstand, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.

Vernebriller blir ofte delt ut gratis der fyrverkeri blir selt, eller det er mogleg å kjøpe dei for ein billig penge.

– Les bruksrettleiinga av fyrverkeriet nøye før bruk, og bøyg deg aldri over fyrverkeri som er tent på. Viss fyrverkeriet ikkje tenner på første forsøk, ikkje tenn det på nytt. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman, seier Clementz.

(©NPK)