Siste skuledag: Framme frå venstre: Elisabeth Haland (3. klasse), Daniel Mikelskas (1)Tobias Nekstad Grave (4.), Emil Barren Halvorsen, (3.), Endre Gulliksen (1.) Jens Olav Jamgrav Foss (3.), Håkon Nordbø Venås (4.), Bak frå venstre; Anita Kleiv, August Mikelskas (4.) Ragnhild Havnen, Astrid Breivik og Marte Straand (4.)

Siste skuledag på Straumsnes skule

Torsdag 18. juni var ein minnerik og vemodig dag i Vrådal.

– Då låste vi døra på Straumsnes skule for siste gong etter 172 år med skule. Vi kjenner på sorg og tristheit for det som ikkje skal vere lenger. Bygda mister eit samlingspunkt! Elevar frå 1. til 4. klasse har vore saman, leika saman og arbeidd saman. Det har vore til glede for alle, melder Astrid Breivik ved Straumsnes skule.

Låste døra: Torsdag 18. juni blei skuledøra låst for siste gong.

No blir det ein ny kvardag til hausten – tidleg opp for å ta bussen til Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi veit at elevane blir tekne godt imot der og at dei vil få det bra! Vi ønsker denne fine flokken lykke til vidare, helsar Breivik.